Funksjonstapping av familien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Funksjonstapping av familien vil seie at familien mistar mange av sine tradisjonelle roller, økonomisk eller sosialt. Slik funksjonstapping av familien har skjedd i overgangen mellom det preindustrielle samfunnet til det moderne samfunnet. I det preindustrielle samfunnet var storfamilien hovudsakleg eit produksjonsfellesskap, der alle i familien måtte hjelpe til for å produsere det dei trengte til eige forbruk. Dei førte eit naturhushald som var avhengig av skiftingane i naturen.

Dette er ein motsetning til dagens familie, der velferdsstaten har overtatt mange av dei økonomiske og sosiale funksjonane familien hadde før. Barnetrygd, bustønad og arbeidsløysetrygd er berre nokre av tiltaka staten kan tilby dersom ein treng det. Familien er blitt eit pengehushald, der ein ved hjelp av inntekter i form av pengar kan kjøpa det meste av varer og tenester ein treng. Barn er i mykje større grad fritatt frå arbeid, og dei familiære relasjonane er blitt mindre. Ein snakkar hovudsakleg om ein kjernefamilie, beståande av mor, far og ein relativt liten barneflokk.

Til tross for funksjonstappinga er familien framleis ein viktig institusjon i samfunnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Anders Bjørnstad, Torstein Bjaaland, Per Påske Gulbrandsen, Sosialkunnskap, 2008: Gyldendal. ISBN 9788205375567