Furnas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Furnas
fjell
Varmekjelder i Furnas
Land  Portugal
Område São MiguelAsorane
Fjelltype Stratovulkan
Høgd 805 moh.
Areal 33,88 km²
Folketal 1 541 (2001)
Bergartar frå 1630
Koordinatar 37°46′N 25°19′WKoordinatar: 37°46′N 25°19′W
Kart
Furnas
37°46′0″ N 25°19′0″ W
Wikimedia Commons: Furnas (Povoação)

Furnas er eit sokn i distriktet PovoaçãoSão MiguelAsorane. I 2001 var folketalet 1541. Soknet er eit av dei største på øya og på Asorane. Det ligg aust for Lagoa og Ponta Delgada, vest for Povoação og søraust for Ribeira Grande. Hovudnæringa er jordbruk og turisme. Furnas har ein skule, ei kyrkje og ein plass (praça). Han har vegsamband til Ponta Delgada og kommunesetet og til Ribeira Grande. Atlanterhavet ligg i sør. Fjella ligg i nord med fleire dalar som strekkjer seg nordover. Dei fleste fjella er skogkledde, medan ein finn grassletter i dei høgaste områda.

Geologiske kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Ei anna varmekjelde i Furnas

Furnas er ein stratovulkan med to kalderaer som har ein alder på om lag 30 000 og 20 000 år. Vulkanane har vore særs aktive med 10 nær-pliniske utbrot dei siste fem tusen åra. To av dei er kjend i historia. Det første kjende utbrotet var i 1440, like etter dei første kolonistane kom til øya. Det andre var i 1630 og tok livet av 200 menneske. Vulkanen vart mykje studert i 1990-åra og mange ukjende geologiske farar kom til syne.

Den vestlege av dei to kalderaene er delvis fylt av ein kratersjø, Lagoa das Furnas, i ei høgd på 359 meter over havet. På nordsida av innsjøen finn ein fumaroler og gjørmesand.

Furnas er òg kjend for varmekjeldene og geysirane. I landsbyen er det runt tretti kjelder, som kvar har sin eigen temperatur og kjemiske samansetting. Det finst ei varm elv som er farga av jern og ei kald elv som renn gjennom landsbyen. Geysirane ligg i fleire søkk som produserer vatn rikt på natriumbikarbonat, bor, fluor og spor av karbondioksid. Dei lokale innbyggjarane kokar enkelte rettar i geysirane. På 1800-talet vart det lagt til rette for installasjonar for hydroterapi i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]