Furu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Furu

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Fullvaksne furutre (Pinus sylvestris).
Fullvaksne furutre (Pinus sylvestris).

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Pinophyta
Klasse: Pinipsida
Orden: Pinales
Familie: Pinaceae
Slekt: Pinus
Art: P. sylvestris
Vitskapleg namn
Pinus sylvestris
Furu, fure, toll, tall
Norske dialektnamn
Fåra, føru, tolle
Namn på andre språk
Norrønt Fura, þǫll
Nordsamisk Beahci
Svensk Tall, fura
Dansk Skov-fyr
Engelsk Scots Pine
Tysk Waldkiefer, Gemeine Kiefer, Rotföhre, Weißkiefer, Forche
Fransk Pin sylvestre, pin rouge du Nord, pin de Riga, pin d'Écosse
Russisk Sosna (Сосна), sosna obyknovennaja (сосна обыкновенная)

Furu, fure (fura) eller toll (Pinus sylvestris), ofte kalla tolle i Midt-Noreg,[1] er ein planteart i furuslekta (Pinus). Denne arten er den einaste naturleg vilveksande furuarten i Noreg.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Eksemplar av ei furugrein.

Furu finst frå Storbritannia i vest, til Sibir i aust, Kaukasusfjella i sør, og Nord-Noreg i nord. I nord veks ho frå havnivå opp til 1000 moh; i sør veks ho frå 1200 til 2600 moh. Ho finst i heile Noreg.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Furua vert opp til 35 meter høg. Einskilde tre i særleg gunstig jord har vorte opp til 45 meter. Gamle tre har grov og mørkbrun skorpebork nedst og tynn, lyst raudlet bork høgare opp. Hokonglane sit på stutte skaft, er spisse, og går frå gulbrune til gråbrune i farge ettersom dei mognast.

Nålene er lange, og sit parvis i knippe.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Furu er eit treslag med mange bruksområde, og er difor viktig for skogbruket. Det blir avverka store mengder furu i Noreg kvart år til bruk i industrien som materiale til bygg- og møbelproduksjon, papirmasse, og framstilling av tjære og terpentin.

Furuveden er særs rik på kvae. Tidlegare produserte ein såkalla alved ved å la kvista og toppkappa furustammer stå att på rot over fleire år slik at kvaa trekte opp frå rota og ut i veden. Slik vart mesteparten av virket impregnert og eigna seg såleis ypparleg som kledningsmateriale for hus og andre bygningar.

Pinus sylvestris
Kiefer Holz.JPG

Anna[endre | endre wikiteksten]

I Vesterålen veks dei eldste trea i Noreg. Det eldste av desse furutrea er frå år 1228, medan daude trestubbar går heilt tilbake til år 877.

Ord for ‘furu’[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ordet tolle f. i tydinga Pinus sylvestris er særleg registrert frå Nordmøre og Romsdalen i setelarkivet til Norsk ordbok, men finst òg belagt frå Trøndelag. På Helgeland blir ordet derimot bruka både om furu og gran.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Furu