Furupraktbille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Furupraktbille
Furupraktbille
Furupraktbille
Status
Status i Noreg: CR Kritisk truga
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Biller Coleoptera
Familie: Buprestidae
Slekt: Chalcophora
Art: Furupraktbille C. mariana
Vitskapleg namn
Chalcophora mariana

Furupraktbilla er eit insekt i praktbillefamilien. Ho er den største nordeuropeiske arten i gruppa, og kan med sine rundt 3 centimeter ikkje forvekslast frå andre lokale artar. Ein finn ho i Europa og Sibir.

I Noreg er furupraktbilla kjend frå gamalt av ved ymse lokalitetar i Aust-Agder, Telemark og Oslo, i nyare tid berre frå Drangedal kommune. På grunn av dette vart arten ført opp i Norsk raudliste 2006.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Furupraktbilla er stor, frå 25 til 33 millimeter, og har ingen forvekslingsartar nord for Middelhavsområdet. Ho er bronsefarga på oversida av kroppen og har fleire svarte, opphøgde strukturar uregelmessig fordelt rundt på seg. Arten har vidare brei kropp med kraftige bein, korte trådforma antenner og store augo.

Larven til furupraktbilla er kvit med brunt hovud og manglar bein. Han kan bli så mykje som 7 centimeter lang og lever i furutømmer. Når han gneg seg ut er det gjennom om lag 1 centimeter breie hol på tvers av lengderetninga i veden.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Det er ikkje kjend når furupraktbilla legg egga sine. Larvane vert utvikla i grov furuved på varme stadar, særleg i gamle stammar og stubbar. Særleg er det vanleg å finna dei i brannskadde stubbar og bakkenært virke. Dei nyttar som regel 3-6 år på larveutviklinga, som skjer langt inne i veden. Ofte nyttar arten same stubben over fleire generasjonar. For å finna dei må ein difor gå til stubbar av tre som har vekse seint og har høgt innhald av tjære - dette fører til at veden får den rette fukta og konsistensen over lang tid.

Forpuppinga skjer djupt inne i veden. Dei vaksne billene kjem ut på seinsommaren, særleg mot slutten av juli eller i august. Ein reknar med at arten overvintrar som vaksen. Ein kan sjå dei sverma når sola skin på varme dagar.

Status[endre | endre wikiteksten]

Furupraktbilla er kritisk truga over heile Skandinavia fordi den grove furuveden arten treng har vorte særs sjeldan. I møblar, stolpar og såkalla villmarkspanel er grovt furutømmer særs populært, noko som har ført til mykje hogst. Det er berre i dei varmaste områda på Austlandet furupraktbilla lever under klimatisk gode tilhøve.

Arten er mest sannsynleg utrydda frå dei fleste gamle lokalitetane han har funnest i. Drangedalsbestanden finst i eit relativt lite område, men det finst kanskje framleis uoppdaga førekomstar i nærleiken av han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]