Fusa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fusa
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bjørnafjorden
Postnummer 5641 FUSA
Innbyggjarnamn fusing
Kart
Fusa
60°12′13″N 5°37′46″E / 60.2036°N 5.62944°E / 60.2036; 5.62944
Wikimedia Commons: Fusa, Bjørnafjorden

Fusa er ei bygd i Bjørnafjorden kommune i Vestland, ved Fusafjorden. Fusa var senter for Fusa kommune i eldre tid, før Eikelandsosen vart kommunesenter.

På Fusa ligg det både kyrkje, prestegard, kyrkjegard og doktergard, og fram til ferjekaien vart flytta (rundt 1980), var Fusa òg eit trafikalt knutepunkt for trafikk frå nord, sør og vest. No ligg ferjeleiet, med ferje til Hatvik i Os, på Venjaneset i nabobygda Skjørsand. Der ligg òg hjørnesteinsbedrifta i Fusa kommune, fabrikken til Frank Mohn AS.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.