Fusafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fusafjorden sett sørover mot Bjørnafjorden og Tysnes

Fusafjorden er ein fjordarm av Bjørnafjorden i kommunane Os og Fusa i Hordaland. Fjorden går nordover og deler seg i dei tre fjordarmane Samnangerfjorden i vest, Ådlandsfjorden i midten og Eikelandsfjorden i aust. Lengda inn til der fjordane deler seg er 12 km, men vidare til botn av Samnangerfjorden er det om lag 35 km.

Fjorden har innløp mellom Bjørnetrynet ved Bjørnåsen like utanfor Halhjem i vest og Vinnes i aust, ein avstand på om lag 8 km. På vestsida av fjorden ligg Osøyro, kommunesenteret i Os kommune. Nordvest for Osøyro ligg Hattvik og frå her går det ferjesamband tvers over fjorden til Venjaneset og rett innanfor neset ligg Fusavika og bygda Fusa, som har gjeve namn til kommunen. Kommunesenteret til Fusa er derimot Eikelandsosen i botn av Eikelandsfjorden. Tre kilometer lenger nord deler Fusafjorden seg i dei tre nemnde fjordane.