Futuristic Dragon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Futuristic Dragon
Studioalbum av T. Rex
Utgjeve 30. januar 1976
Innspelt MRI Studios, Hollywood; Paragon Studios, Chicago; Scorpio Sound, London
Sjanger Hardrock, glamrock, rock and roll
Lengd 40:22
Selskap EMI / T.Rex Wax Co
BLN 5004
Produsent Marc Bolan
Kritikk
T. Rex-kronologi
Bolan's Zip Gun
(1975)
Futuristic Dragon Dandy in the Underworld
(1977)

Futuristic Dragon er eit album av T. Rex frå 1976. To singlar frå albumet, «New York City» og «Dreamy Lady» nådde respektive 15. plass og 30. plass på den britiske singellista. Futuristic Dragon kom ut i januar og nådde sjølv 50. plass.[1] Det var det første T. Rex-albumet som gjekk inn på lista sidan Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow i 1974. Albumet har ein uvanleg tett produksjon av Bolan, som hintar om at han hadde lytta på gamle Phil Spector-sinnspelingar, særleg «Chrome Sitar» og «Calling All Destroyers».

T. Rex la ut på ein suksessfull turne i Storbritannia etter albumet kom ut og han var igjen i form etter å ha slitt med kokainproblem, eit påstått Napoleonkompleks og fedme, som hadde plaga han sidan 1973. Han var glad for responsen han fekk for singlane frå albumet, og sette i gang med eit nytt album med de same.

Ein faktor til at Bolan igjen vart interssant, var at punkrørsla var på veg fram. Bilete frå tidleg i 1977 syner Bolan på restaurant i lag med medlemmar av The Ramones. Han turnere våren 1977 i lag med The Damned, og hadde eit eige fjernsynsprogram på Granada TV, Marc, med gjester som The Boomtown Rats, The Jam og Generation X.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Marc Bolan. 

# Tittel Lengd
1. «Futuristic Dragon (Introduction)»   1:52
2. «Jupiter Liar»   3:40
3. «Chrome Sitar»   3:13
4. «All Alone»   2:48
5. «New York City»   3:55
6. «My Little Baby»   3:06
7. «Calling All Destroyers»   3:53
8. «Theme for a Dragon»   2:00
9. «Sensation Boulevard»   3:48
10. «Ride My Wheels»   2:25
11. «Dreamy Lady»   2:51
12. «Dawn Storm»   3:42
13. «Casual Agent»   2:53
Bonusspor på CD-utgåva
# Tittel Lengd
14. «London Boys»   2:19
15. «Laser Love»   3:35
16. «Life's an Elevator»   2:24

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.discogs.com/T-Rex-Futuristic-Dragon/release/777613