Fylkesarkiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fylkesarkiv
SkipaI perioden 1958-1997
VerkeområdeEit fylke
TenesterDepotinstitusjon for arkiv
EigarskapFylkeskommune

Fylkesarkiv er ein arkivinstitusjon som er oppretta og vert drifta av ein fylkeskommune. Fylkesarkiv samlar inn og tek vare på arkivmateriale og anna kulturarvmateriale frå fylket. Det er seks fylkesarkiv i Noreg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det eldste av dei seks fylkesarkiva er Aust-Agder-arkivet (i dag ein del av Aust-Agder kulturhistoriske senter) som vart oppretta i 1958. Det yngste er Vestfoldarkivet, oppretta i 1997. Dei øvrige fylkesarkiva vart etablert på 1980-og 90-talet: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane i 1986 (prøveordning frå 1983), Hordaland fylkesarkiv i 1991, Fylkesarkivet i Oppland i 1995.

Det er i dag fylkesarkiv i desse fylka:

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Fylkesarkiva er oppretta av fylkeskommunane som også er eigarar. Ein fylkesarkivar leiar eit Fylkesarkiv.

Fylkesarkiva er i hovudsak fylkeskommunale institusjonar, som regel underlagt fylkeskommunen si kulturavdeling, men kan og ligge direkte under fylkesrådmannen som i Oppland. I Aust-Agder og Vestfold er fylkesarkiva slått saman med musea og er organisert som interkommunale selskap, med fylkeskommunen som største eigar.

Fylkeskommunar som ikkje har oppretta eigne fylkesarkiv, er som regel medlem av eit interkommunalt arkiv (IKA) som tek seg av fylkeskommunen sine lovpålagte depotoppgåver.

Oppgåver[endre | endre wikiteksten]

Fylkesarkiva arbeider breitt på arkivfeltet. Dei er for det første depotinstitusjonar for fylkeskommunane, og tek seg av fylkeskommunane sine lovpålagte depotoppgåver som spesifisert i Arkivlova. Fylkesarkiva oppbevarar dei eldre arkiva etter fylkeskommunane sine sentraladministrasjonar og eksterne verksemder som vidaregåande skular. Fylkesarkiva oppbevarer også arkiv etter institusjonar som fylkeskommunen tidlegare har hatt ansvar for, som barnevernsinstitusjonar, rusomsorgsinstitusjonar, heimar for psykisk utviklingshemma osb.

Dei fleste fylkesarkiva jobbar også aktivt med privatarkiv frå sitt fylke, som til dømes arkiv etter bedrifter, organisasjonar og privatpersonar. I tillegg jobbar dei ofte med foto, film, lyd, stadnamn, folkemusikk, minnemateriale m.m. Fylkesarkiv driv aktiv formidling av arkiv og historie med utgangspunkt i institusjonen sine samlingar.

Fleire av fylkesarkiva har ei kommunearkivordning (interkommunalt arkiv), og er difor depotinstitusjon for kommunane i sitt fylke. Dei fleste fylkesarkiva driv og med aktiv rådgjeving innanfor arkivdanning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]