Fylkeskommune
Fylkeskommune er i Noreg nemninga på delar av administrasjonen, eller styresmakta i eit fylke. Fylkesmannen (fylkesmannsembetet) har på vegne av den norske staten òg styringsoppgåver i eit fylke. Fylkeskommunen vert utgjort av fylkesting, fylkesutval, fylkesordførar og ein fylkeskommunal administrasjon. Fylkestinget vert vald av innbyggjarane i fylket ved kommune- og fylkestingsval. Før 1975 vart fylkestinget utgjort av ordførarane i dei ulike kommunane, eller ein annan av kommunestyrerepresentantane. I 1977 innførte ein direkte fylkesskatt som skulle dekka utgiftene til eit fylke; tidlegare hadde fylkeskommunen fått pengane sine frå kommunane.
Innhaldsliste |
[endre] Historikk
Amta skifta i 1919 namn til fylke. Representantane til Amtsformannskapet (seinare Fylkestinget) vart heilt fram til 1964 valde av og blant representantane i kommunestyra i alle landkommunane i fylket. Ein representant frå kvar kommune vart vald.
Frå 1964 kom også bykommunane med i skipnaden. Kommunane måtte dekkje dei utgiftene Fylkestinget vedtok gjennom repartisjonsskatten. I 1976 gjekk fylkeskommunen over frå å vere sekundærkommune til å bli primærkommune på line med kommunane. Det vart direkte val til Fylkestinget, direkte skatt og eigen administrasjon. Fylkesrådmannsfunksjonen vart skilt ut frå fylkesmannsembetet.
Stortinget vedtok Lov om kommuner og fylkeskommuner i 1961, og frå 1964 velde kommunestyra inn representantar til fylkestinga etter innbyggjartal. Direkte val til fylkesting vart vedteke av Stortinget i 1974. Det vart i 1975 for fyrste gong skipa til direkte val til fylkesting.
Det var semje i Stortinget og forpliktande formuleringar i Soria Moria-erklæringa til den raud-grøne fleirtalsregjeringa om at fylkeskommunane skulle erstattast med folkevalde regionar innan 2010. Dette har likevel ikkje skjedd.
[endre] Dagens fylke
[endre] Kjelder
- Delar av denne artikkelen bygger på «Fylke (Norge)» frå Wikipedia på bokmål, den 30. september 2011.
- ↑ Parlamentarisk, Stian Berger Røsland er byrådsleder
- ↑ Då Bergen blei slått saman med Hordaland i 1972, forsvann nummeret 13 frå fylkesnummerserien.
- ↑ Parlamentarisk, fylkesrådsleder er Alf Daniel Moen (Ap)
- ↑ Parlamentarisk, fylkesrådsleder er Odd Eriksen (Ap)
- ↑ Parlamentarisk, fylkesrådsleder er Pia Svensgaard (Ap)
Sysselmannsembedet er administrativt underlagt Justisdepartementet[4] og hverken tilhører eller utgjør et fylke.
Fylkesnummeret eies av Statistisk sentralbyrå, og er en del av den internasjonale standarden ISO 3166, spesifikt ISO 3166-2.
[endre] Fotnotar
- ↑ Kvartalsvise befolkningsendringer.
- ↑ Arealstatistikk for 2006. Kolonne F: Totalt areal: fastland og øyer: km²
- ↑ Målvedtak i kommunar og fylkeskommunar.
- ↑ Instruks for sysselmannen på Svalbard, §2