Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker er norske statlege forvaltingsorgan som gjer vedtak om tvungne hjelpetiltak til barn, overtaking av omsorg for barn, fråtaking av foreldreansvar, tvangsplassering av barn med åtferdsvanskar, og ein del andre vedtak med heimel i barnevernlova, tvangsinnlegging av rusmiddelmisbrukarar med heimel i sosialtenestelova, og tvangsvedtak etter smittevernlova.

Det er 12 fylkesnemnder som kvar dekkjer eitt eller to fylke. Ved handsaming av saker består fylkesnemndene av ein fylkesnemndsleiar, som er ein jurist med dommarkvalifikasjonar. Og i tillegg vanlegvis, avhengig av sakstype - ein eller to alminnelege medlemmer og ein eller to sakkunnige medlemmer.

Fylkesnemndene blei etablert 1. januar 1993 og er uavhengige domstolliknande forvaltningsorgan. Vedtaka i fylkesnemndene kan berre overprøvast av domstolane.

Sakshandsamingsreglane for Fylkesnemdene stod opphavleg i Sosialtenestelova, men blei frå 1. januar 2008 flytta til barnevernlova.

Sjå også Barnevern i Noreg

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]