Parlamentarisme i kommunar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fylkesråd)
Gå til: navigering, søk

Parlamentarisme i kommunar er ein måte å styre norske kommunar eller fylkeskommunar som er eit unntak frå kommunelova sin hovudmodell om formannskap. Parlamentarismen i norske kommunar er ganske lik parlamentarismen i Noreg. Det tyder at eit Byråd/Kommuneråd eller Fylkesråd styrer, men er avhengig av å ha tillit frå eit fleirtal i kommunestyret eller fylkestinget. Ein kommune eller eit fylke med parlamentarisme har ikkje formannskap eller fylkesutval. Ordføraren si rolle er og avgrensa til å vere ordstyrar og representere kommunen eller fylket. Rådet vil vanlegvis få seg delegerte dei fullmaktene som formannskapet og andre utval i kommunestyre ellers har. Det er kommunestyret eller fylkestinget som avgjer kor omfattande delegeringa til rådet skal vere. I ein kommune eller ein fylkeskommune med parlamentarisme fell stillinga som rådmann bort. Rådet overtar leiinga av administrasjonen.

Ein vesentleg skilnad på parlamentarismen i kommunar og fylkar er at rådet i motsetnad til regjeringa må aktivt settast inn av eit fleirtal i fylkestinget eller kommunestyret - såkalla investitur. I Stortinget er det nok at eit fleirtal ikkje motset seg dette.

Kommunar med parlamentarisme [endre]

Fylkeskommunar med parlamentarisme [endre]

Sjå òg [endre]