Fylkestingsrepresentant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fylkestingsrepresentant er dei som er vald av innbyggjarane i eit fylke til å sitja i fylkestinget, som er det øvste demokratisk valde organet i dei norske fylka. Valet skjer ved kommune- og fylkestingsval, kvart fjerde år. To år etter valet er det stortingsval. Før 1975 var det ikkje direkte val på fylkestingsrepresentantar. Då samla ordførarane i dei ulike kommunane i eit fylke seg til fylkestinget. Ordføraren, eller leiaren for fylkestinget, vert kalla fylkesordførar.