Fylkesveg 292 i Troms

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg fylkesveg 292 (fleirtyding).
Fylkesveg 292 øvst i Lakselvdalen med utsyn mot Piggtinden.

Fylkesveg 292 i Troms går mellom Seljelvnes i Balsfjord kommune og Lakselvbukt i Tromsø kommune. Vegen er 23,7 km lang.

Vegen startar frå E 8 i lia over Seljelvnes, på austsida av Balsfjorden. Like etter tar Fv293 av mot venstre, ned mot Seljelvnes. Fv292 går herfrå mot nordaust, i ei bratt stigning oppover lia, og ved Vakkerhaugen passerer ein det høgste punktet på 220 moh., berre 3 km frå Balsfjorden. Vegen passerer no inn i Lakselvdalen, og på austsida av dalen ligg den sørlege delen av Lyngsalpan, og den iaugefallande Piggtinden (1505 moh.) kan ein sjå rett mot aust frå vegen.

Vegen held fram mot nordaust og ned i øvre Lakselvdal, der han fylgjer austsida av dalen. Dalbotnen er relativt flat og det ligg mindre grender og gardsbruk langsetter vegen gjennom heile dalen, med skogstrekningar i mellom. Omtrent midtvegs passerer vegen inn i Tromsø kommune, og snur like etter mot nord og passerer ved grenda Skulva over Lakselva, og fylgjer heretter vestsida av dalføret. Nedst i Lakselvdalen går vegen gjennom dei sørlegaste gardane i bygda Lakselvbukt, og munnar ut i Fv293 ved garden Flatvoll.

Kommunar og knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Balsfjord

Tromsø

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]