Fylkesveg 848

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fylkesveg 848
848
Strekning
SalangenHarstad
Fylkesveg 848
Informasjon
Lengd 51,5 km
Ferjestrekningar 1
Sjå òg fylkesveg 848 (fleirtyding)

Fylkesveg 848 (Fv848) går mellom Myre i Salangen kommune og Harstad kommune. Vegen gjev Ibestad kommune fastlandssamband. Vegen er 51,5 km lang utanom ferjestrekninga.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fylkesvegstrekninga mellom Myre og Sørvika på Andørja vart opna i 1994. Ibestadtunnelen mellom øyane Andørja og Rolla vart opna i 2000. Før Mjøsundbrua og vegen på Andørja vart opna, gjekk fylkesveg 848 frå Tennevoll i Lavangen kommune, med ferje frå Myrlandshaug i Gratangen kommune til Hamnvik på Rolla. Fram til Ibestadtunnelen opna var det òg ferjesamband mellom Hamnvik og Sørvika på Andørja.

Vegen mellom Hamnvik og Sørrollnes vart bygd på slutten av 1950-talet. Ferjetrafikken mellom Sørrollnes og Harstad byrja i 1964.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg. Etter at forvaltingsreforma trod i kraft har han status som fylkesveg.

Kommunar og knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Mjøsundbrua

Troms [endre | endre wikiteksten]

Salangen kommune
Ibestad kommune
Harstad kommune
  • til Hestevika i Harstad (8 turar/dag, 40 min)
  • Fv13 frå Gangsås til Stangnes (1,3 km)
  • Fylkesveg 848 Gangsås

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]