Fyresdal kommune
| Fyresdal kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 0831 |
| Fylke | Telemark |
| Adm.senter | Fyresdal |
| Areal | 1110 km² |
| Folketal | 1 330 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011-2015) | Erik Skjervagen (Ap) |
| Målform | Nynorsk |
| Nettstad | www.fyresdal.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Fyresdal kommune på Commons | |
Fyresdal er ein norsk kommune som ligg sørvest i Telemark fylke. Han grensar mot Åmli, Bygland og Valle i Aust-Agder fylke, og mot Tokke, Kviteseid og Nissedal i Telemark.
Kommunen vart oppretta som Moland ved innføringa av formannskapslovene i 1838 og har ikkje hatt grensebrigde. Namnet blei endra til Fyresdal i 1879. Kommuneadministrasjonen held til i tettstaden Fyresdal.
Innhaldsliste |
[endre] Namn og symbol
Namnet Fyresdal kjem frå norrønt Fyrisdalr, der førstedelen av namnet er genitiv *Fyrir (no Fyresvatn) og viser til treslaget furu. Det siste elementet, dalr, tyder 'dal'. Ein person frå Fyresdal vert kalla for «fyresdøl».
Kommunevåpenet til Fyresdal viser to skråstilte øksar i sølv på grøn botn. Det står for jordbruksnæring og skogdrift.[2] Våpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon den 24. april 1992.
[endre] Geografi
Kommunen er prega av Fyresdalen, eit nord-sørgåande dalsystem med det 26 km lange Fyresvatnet i botnen.
[endre] Næringsliv
Dei viktigaste næringane i Fyresdal har gjennom lengre tid vore skogbruk og jordbruk, særleg med husdyr som sau og storfe. Skogane gir ein årleg produksjon på om lag 33 000 m³ tømmer kvart år.[2] Kommunen har òg tre kraftverk med ein årleg produksjon på 327 GWh. Fjellterrenget har lenge vore brukt til jakt og fiske, og trekk idag turistar.
Det er litt industri i kommunen, mellom anna Telemark Kildevann som tappar kjeldevatn, ein mekanisk verkstad og møbel- og trevareindustri.
[endre] Samferdsle
Langs Fyresvassdraget gjennom kommunen går Fylkesveg 355 frå nord til sør, der han har samband med Rv. 41. I nord er han knytt saman med Fv. 38, og møter Europaveg 134 Drammen-Haugesund på Åmot i Vinje.[2] Like nord for administrasjonssenteret Fyresdal, ved Verpe, ligg ein småflyplass, Fyresdal flyplass.
[endre] Kultur
Ved Molandsmoen stend Skeisteinen, ein runestein frå 1100-talet. Eit stort gravfelt ligg i parkområdet Øyskogen, med nokre freda furutre.
I kommunen ligg Moland kyrkje, ei krosskyrkje i tre frå 1843, og Veum kyrkje frå 1873.[2]
[endre] Kjende personar frå Fyresdal
- Kjell Audun Aalandsli, trubadur
- Jon Lauritz Qvisling, pastor, forfattar og slektsforskar
- Vidkun Quisling (1887-1945), offiser og politikar avretta for landsforræderi
- Ivar Peterson Tveiten, politikar og stortingspresident
- Petter Veum, spelemann
- Knut Trondsson, spelemann
- John Lie, forfattar
- Haakon Lie, forfattar
- Bendik Taraldlien, forfattar og lokalhistorikar
[endre] Kjelder
- Delar av denne artikkelen bygger på «Fyresdal kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 8. januar 2011.
- Nilsen, Jan Erik; Redaksjonen (08.07.2010), «Fyresdal», Store Norske Leksikon, http://snl.no/Fyresdal
[endre] Fotnotar
[endre] Bakgrunnsstoff
- Fyresdal kommune
- Vêrvarsel for Fyresdal - yr.no
- Kommunefakta Telemark - SSB
- Vest-Telemark Blad - Lokalavis i Fyresdal
- Fyresdal - Reise- og turistinformasjon om Fyresdal
| Kommunar i Telemark | ||
|---|---|---|
| Bamble · Bø · Drangedal · Fyresdal · Hjartdal · Kragerø · Kviteseid · Nissedal · Nome · Notodden · Porsgrunn · Sauherad · Seljord · Siljan · Skien · Tinn · Tokke · Vinje | ||