Fyresvatn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Fyresvatnet | |
|---|---|
|
Foto: cocu |
|
| Stad | Fyresdal (Telemark) |
| Koordinatar | |
| Overflateareal | 49,63 km² |
| Største djupne | 377 m |
| Kystlengd1 | 69,41 km |
| Høgd over havet | 279 moh |
| 1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |
Fyresvatn, òg kalla Fyresvatnet, er ein innsjø i Fyresdal kommune i Telemark fylke. Fyresvatn høyrer til Arendalsvassdraget, og har utløpet sitt via Fyreselv til Nidelva, som munnar ut i havet i Arendal by. Vassdraget er regulert, og reguleringshøgda i Fyresvatn er ca. 5 m. Med sine 377 djubdemeter er Fyresvatn den femte djupaste innsjøen i Noreg.
Det vert drive stort fiske i Fyresvatn, også næringsfiske med ruser. Typiske fiskeartar i vatnet er sik (Coregonus lavaretus), aure (Salmo trutta) og røye (Salvelinus alpinus).