Fyrskip

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fyrskip frå 1951, no i bruk som restaurant i Rotterdam.

Fyrskip er ei fyrlykt som er plassert på eit permanent oppankra fartøy.

Noreg har hatt fyrskip på to stader. Sluppen «Enigheden» vart lagt ut ved Lepsøyrev nord for Ålesund i 1856. Skipet havarerte året etter. Lepsøyrev fyr vart bygd i 1879, etter at det hadde vore gjort fleire forsøk med nye fyrskip i området.

I 1919 vart eit fyrskip lagt ut ved Ildjernsflu ved Nesodden. Skipet vart pårent og sokk 9. februar 1929. Eit nytt fyrskip vart lagt ut, og det heldt seg flytande til 1968, då det vart kondemnert og erstatta med ei botnfundamentert fyrlykt.

I Noreg vart det ikkje fleire fyrskip. Dei fleste stader langs kysten var det mogleg å plassere fyr langt ut frå land, derfor var det ikkje behov for fyrskip. Fyrstasjonar på land var dessuten både langt sikrare og billegare i drift enn fyrskip. Men i mange andre land, for eksempel Danmark, Nederland og Storbritannia, fekk fyrskip ei større utbreiing.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fyr