Fyrst Voldemort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Fyrst Voldemort (f. 31. desember 1926) er erkefienden til Harry Potter i Harry Potter-serien. I filmatiseringa av Harry Potter blir Voldemort hovudsakleg portrettert av Ralph Fiennes, men også av Hero Fiennes-Tiffin, Christian Coulson og Richard Bremmer.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Familie og oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Miseria Mørch var Toms mor, som ustelt og utsliten gjekk inn på ein barneheim høggravid ei desembernatt. Etter ein time var ungen fødd, og etter endå ein var Miseria daud. Det siste ho hadde sagt til Fru Kolle som jobba på barneheimen, var at ho håpa han likna far sin, noko Fru Kolle håpa ho hadde rett i, for ho synest ikkje Miseria såg ut som noko vakker kvinne. Så hadde ho sagt at han skulle heite Tom etter far sin, og Dredolo etter hennar eigen far. Etter dette døydde ho.

Tom voks opp på barneheimen og året han fylte elleve kom Albus Humlesnurr på besøk for å fortelje Tom at han er ein trollmann, slik at han kan byrje som elev på Galtvort. Fru Kolle blir overraska over at Humlesnurr kjem på besøk, sidan Tom aldri før har hatt noko som helst familiebesøk. Fru Kolle beskriver Tom som «ein underleg gut» og fortel at han skremmer og tyranniserer dei andre borna som bur på barneheimen.

Ho fortel om mange episodar, som då Billy Stubben si kanin vart hengt ein dag etter Tom og han hadde krangla. Ho skjøna ikkje korleis Tom kunne fått det til og at han hadde sagt at han ikkje hadde gjort det. Men ho forstod heller ikkje korleis kaninen kunne ha hengt seg sjølv frå ein takbjelke.

På barneheimen pleidde dei å ta med ungane ut på tur ein gong i året, og ein gong etter «sommarturen» hadde Anna Baffel og Dennis Bisp aldri vore seg sjølve igjen. Alt dei hadde fått ut av dei var at dei hadde vore i ei hole med Tom Venster.

Då Humlesnurr møtte Tom, trudde Tom fyrst at han var ein lege av noko slag fordi han meiner Fru Kolle vil ha han undersøkt. Tom var uhøfleg og sta, og sa han var annleis enn dei andre borna. Humlesnurr svara han kanskje kunne ha rett i det. Då han fortalde Tom at det han kunne gjera var magi, vart Tom svært opphissa og fortalde om alt han fekk til. Han sa at han kan få ting til å flytte på seg utan å røre dei, få dyr til å gjere som han vil, utan å dressere dei, få det til å gå dårleg med folk som irriterer han og pine dei, viss han ville. Humlesnurr stadfesta då at han er ein trollmann. Toms reaksjon på dette var at ansiktet hans blir som forandra - det viste lukke, samtidig som utrykket blei meir dyrisk.

Tom viste stor interesse for å klare seg sjølv og heldt fram med å vera uhøfleg. Han viste også at han mislikar namnet «Tom» sterkt, at han ønskjer å vere original. (Dette er ein grunn til at han seinare lagde seg eit nytt namn, «Voldemort Den Store»). Tom trudde lite på at mora hans var ei heks, sidan ho døydde etter å ha fødd han.

Voldemorts år på Galtvort[endre | endre wikiteksten]

Fyrst Voldemort etter han vart attfødd i Harry Potter og Ildbegeret.

Tom Venster som tenåring blir skildra i bøkene som bleik, mørkhåra og vakker. Han skal ha vore flink til å smiske og heilt sidan Toms fyrste dag på Galtvort hadde lærarane hatt inntrykk av han som ein høfleg, stille og kunnskapstørst gut. Han viste slett ikkje noko teikn til arroganse eller aggresjon og blei aldri teken på fersken i ei vond gjerning.

Humlesnurr hadde ein mistanke om at han ikkje var til å stole på etter det Tom fortalde på barneheimen, men ante aldri at guten han hadde møtt skulle bli den farlegaste trollmannen nokonsinne. Han sa aldri til nokon det Tom hadde fortald han og bestemte seg for å gje han ein sjanse, slik at Tom kunne få eit nytt liv gjennom Galtvort.

Tom tenkte han aldri skulle ha fortalt alt det han sa til Humlesnurr på barneheimen og at han lekka ut litt for mykje informasjon. Tom prøvde aldri å smiske seg innpå Humlesnurr som på resten av lærarane.

I det siste året sitt opna Tom Venster, som då allereie hadde funne tittelen sin «Voldemort», Mysteriekammeret. Etter å for lengst ha funne ut at han har sjølve Salazar Smygard sitt blod i årene, avla Tom fram ein basilisk. Dette resulterte i at ei jente døydde og Tom laga ein malacrux.

Fyrst Voldemort sine malacruxar[endre | endre wikiteksten]

Malacrux Drapsoffer ved handlinga Gøymestad Øydelagt med Øydelagt i Øydelagt av
Tom Vensters Dagbok Stønne-Stina Lucius Malfang passa på henne Ei basilisktann I MysteriekammeretGaltvort Harry Potter og Mysteriekammet Harry Potter
Helga Håsblås sitt beger Hepzibah Smith I Flirgott i Bellatrix DeMons sitt kvelv Basilisktann I Mysteriekammeret på Galtvort i Harry Potter og Dødstalismanene Hermine Grang
Nagini Bertha Jorkins Ikkje gøymt, men Voldemort sitt kjæledyr Gudrik Griffing sitt sverd På Galtvort i Harry Potter og Dødstalismanene] Nilus Langballe
Dredolo Mørchs ring Tom Venster Senior (Far hans) Mørch-huset i Harry Potter og halvblodsprinsen Gudrik Griffings sverd Mørch-Huset Albus Humlesnurr
Ravnklos diadem Ein albansk innbyggjar (bonde) I NødvendighetsrommetGaltvort Ei basilisktann og ein formel med Satanstunger På Galtvort i Harry Potter og Dødstalismanene Vincent Krabbe
Smygards Medaljong Ein gompelandstrykar I ei hole ved havet Gudrik Griffings sverd Ein skog i England i Harry Potter og Dødstalismanene Ronny Wiltersen
Harry Potter Forsøk på å myrde Harry Potter Ikkje gøymd Trylleformelen Avada Kadavra Den forbodne skogen i Harry Potter og Dødstalismanene Fyrst Voldemort

Voldemorts familietre[endre | endre wikiteksten]

                   Salazar Smygard
                           |
                           |
                   
                           :
                           :
                           |
                           |
                     Dredolo Mørch
                      _____|__________
                      |              |
Tom Venster Sr. + Miseria Mørch    Morfus Mørch
               |
       Tom Dredolo Venster
        (Lord Voldemort)


Ralph Fiennes spelar Voldemort i Harry Potter filmane.

Karakterisering[endre | endre wikiteksten]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Etter at Voldemort får tilbake kroppen sin i den fjerde boka, skriv Rowling at Voldemort har bleik hud, eit kritkvitt, hodeskalle-liknande ansikt, slange-liknande opningar som nasebor, raude auger og katte-liknande pupillar, ein kropp tynn som eit skjelett og lange, tynne hender med unaturleg lange fingre. [14] Som nemnt i fyrste kapittel av den sjuande boka, han ikkje hår eller lepper. Tidlegare i livet, sett gjennom flashbacks som finst i den andre og sjette boka, var Tom Dredolo Venster veldig kjekk [21] og høg med bleik hud, kullsvart hår og mørke auge. Han kunne sjarmere mange menneskjer med utsjånaden sin. Transformasjonen i hans monstrøse tilstand er sannsynlegvis resultatet av å skape malacruxane sin, som gjorde at han vart mindre og mindre menneskeleg ettersom han fortsette å dele sjela si. [23] I filmane er auga til Voldemort blå med runde pupillar.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Voldemort sitt fødenamn var Tom Dredolo Venster (på engelsk: Tom Marvolo Riddle). Av dette namnet laga han anagrammet «Voldemort den store» (på engelsk: «I am Lord Voldemort»). Han er også kalla Han du veit, Han med namnet som ikkje må nemnast, Herren over Mørkret.

Fyrst Voldemort[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk: Lord Voldemort
  • Bulgarsk: Лорд Волдемор (Lord Voldemor, utan «t»)
  • Dansk: Lord Voldemort
  • Nederlandsk: Heer Voldemort
  • Finsk: Lordi Voldemort
  • Tysk: Lord Voldemort
  • Gammelgresk: Φολιδόμορτος
  • Moderne gresk: Άρχων Βόλντεμορτ or Λόρδος Βόλντεμορτ
  • Japansk: ヴォルデモート
  • Latin: Voldemort (gen. Voldemortis)
    • Polsk: Lord Voldemort
  • Russisk: Лорд Вольдеморт (Lord Vol'demort)
  • Serbisk: Lord Voldemor (utan «t»)
  • Spansk: Lord Voldemort
  • Walisisk: Voldemort

Han-hvis-navn-må-være-unevnt:[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk: He-Who-Must-Not-Be-Named
  • Bulgarsk: Онзи-който-не-бива-да-се-назовава (Onzi-koyto-ne-biva-da-se-nazovava)
  • Tsjekkisk: Ten, jehož jméno nesmíme vyslovit (Ten, jehož jméno se neříká. Ten, jehož nesmíme jmenovat)
  • Dansk: Ham-Der-Ikke-Må-Benævnes
  • Nederlandsk: Hij-Die-Niet-Genoemd-Mag-Worden
  • Finsk: "Hän-joka-jääköön-nimeämättä"
  • Fransk: Celui-Dont-On-Ne-Doit-Pas-Prononcer-Le-Nom
  • Tysk: Er, dessen Name nicht genannt werden darf
  • Moderne gresk: Ο Ακατανόμαστος
  • Indonesisk: Dia Yang Namanya Tak Boleh Disebut-sebut
  • Italiensk: Colui-Che-Non-Deve-Essere-Nominato
  • Latin: Ille Qui Non Nominandus Est
  • Polsk: Ten, Którego Imienia Nie Wolno Wymawiać
  • Portugisisk (Portugal): Aquele-cujo-nome-não-deve-ser-pronunciado ("Den ene hvis navn ikke må staves")
  • Portugisisk (Brasil): Aquele-que-não-pode-ser-nomeado
  • Serbisk: Onaj-koji-ne-sme-biti-imenovan
  • Slovakisk: Ten-čo-ho-netreba-menovať
  • Spansk: El-que-no-debe-ser-nombrado
  • Svensk: Han-som-inte-får-nämnas-vid-namn
  • Walisisk: Yr-Hawn-Na-Ddylid-Ei-Enwi

Han-De-vet:[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk: You-Know-Who
  • Bulgarsk: Вие-знаете-кой (Vie-znaete-koy, formelt), Ти-знаеш-кой (Ti-znaesh-koy, uformelt)
  • Dansk: Du-Ved-Hvem
  • Kinesisk (Mainland): 神秘人 (Shén-Mì-Rén) eller Den mystiske personen
  • Kinesisk (Taiwansk): 那個人 (Nà-Gè-Rén) or Den fyren
  • Tsjekkisk: Ty víš, kdo
  • Nederlandsk: Jeweetwel
  • Finsk: Tiedät-kai-kuka
  • Fransk: Vous-savez-qui (formelt) / Tu-sais-qui (uformelt) / Celui-dont-on-ne-doit-pas-prononcer-le-nom
  • Tysk: Du-weißt-schon-wer
  • Moderne gresk: Ξέρετε-Ποιός (formelt) / Ξέρεις-Ποιός (uformelt)
  • Hebrew: שאתה־יודע־מי
  • Ungarsk: "Tudodki"
  • Indonesisk: Anda-Tahu-Siapa (formelt) / Kau-Tahu-Siapa (uformelt)
  • Italiensk: Lei-Sa-Chi (formelt) / Tu-Sai-Chi (uformelt)
  • Japansk: 例の (Rei-no)
  • Latin: Quidam
  • Polsk: Sam-Wiesz-Kto
  • Portugisisk (Portugal): Quem-nós-sabemos («Han vi vet»)
  • Portugisisk (Brasil): Você-sabe-quem
  • Russisk: Сами-Знаете-Кто (Sami-Znaete-Kto)
  • Slovakisk: Veď-Vieš-Kto
  • Spansk: Quien-tú-sabes
  • Svensk: Ni-vet-vem / Du-vet-vem
  • Vietnamese: Kẻ-mà-ai-cũng-biết-là-ai-đấy
  • Walisisk: Wyddost-Ti-Pwy / Wyddoch-Chi-Pwy

Tom Dredolo Venster (anagram «Voldemort den Store»):[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk: Tom Marvolo Riddle (anagram «I am Lord Voldemort» (Jeg er Fyrst Voldemort))
  • Bulgarsk: Том Мерсволуко Риддъл (anagram Тук съм и Лорд Волдемор, som betyr «Her er jeg - Fyrst Voldemort»)
  • Tsjekkisk: Tom Rojvol Raddle (Já, lord Voldemort)
  • Dansk: Romeo G. Ditlev Jr (anagram «Jeg er Voldemort»)
  • Nederlandsk: Marten Asmodom Vilijn (anagram «Mijn naam is Voldemort»)
  • Finsk: Tom Lomen Valedro (anagram «Ma olen Voldemort», som betyr «Jeg er Voldemort»)
  • Fransk: Tom Elvis Jedusor (anagram «Je suis Voldemort»).
  • Tysk: Tom Vorlost Riddle (anagram «ist Lord Voldemort» («er Fyrst Voldemort»))
  • Moderne gresk: Άντον Μόρβολ Χέρτ (anagram «Άρχων Βόλντεμορτ» («Fyrst Voldemort»)
  • Italiensk: Tom Orvolson Riddle (anagram «Son Io Lord Voldemort» («Jeg er Fyrst Voldemort»))
  • Ungarsk: Tom Rowle Denem (anagram «Nevem Voldemort»)
  • Japansk: Tom Marvalo Riddle (Tomu Māboro Ridoru, トム・マーボロ・リドル). «Jeg er Fyrst Voldemort» (私はボルデモート卿だ watashi wa Borudemōto-kyō da)
    • Polsk: Tom Marvolo Riddle (I am Lord Voldemort)
  • Portugisisk (Brasil): Tom Servoleo Riddle (Anagram «Eis Lord Voldemort» - Her er Fyrst Voldemort)
  • Russisk: Том Нарволо Реддл (Tom Narvolo Reddl)
  • Slovakisk: Tom Marvoloso Riddle (Anagram «a som i Lord Voldemort» («og jeg er også Fyrst Voldemort»))
  • Spansk: Tom Sorvolo Ryddle (anagram «Soy Lord Voldemort» («Jeg er Fyrst Voldemort»))
  • Svensk: Tom Gus Mervolo Dolder (anagram «Ego Sum Lord Voldemort» («Jeg er Fyrst Voldemort» på Latin))

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

Fyrst Voldemort har blitt parodiert i m.a. Potter puppet pals og A Very Potter Musical. Under opningsermonien i summer OL 2012 hadde Voldemort ei lita rolle som ein av fiendane i britisk barnelitteratur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]