Fyrstedøme
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit fyrstedøme er nemninga på ein stat der monarken er ein fyrste eller fyrstinne. Fyrstedøme vert òg nytta nokre gongar om statar leia av kongelege av lågare rank, slik som storhertugdømer der monarken er ein storhertug eller storhertuginne. Det er ikkje lengre noko hertugdøme som er sjølvstendig stat, men Luxembourg er eit døme på eit sjølvstendig storhertugdøme.
Fyrstedømer har eksistert i tidlegare og moderne sivilisasjonar i Afrika, Asia, Europa og Oseania. Andorra, Liechtenstein, Monaco og Wales er fortsatt aktive fyrstedøme. Fram til tidleg på 1900-talet fanst det også fyrstedøme i Frankrike, Tyskland, Italia, Portugal og Spania. Nokre av disse var suverene statar, mens andre ikkje var det.