Fyrstedømet Catalonia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fyrstedømet Catalonia (katalansk Principat de Catalunya, aranesisk Principautat de Catalonha; spansk Principado de Cataluña; fransk Principauté de Catalogne), frå latinsk Principatus Cathaloniae, er eit historisk område nordaust på Den iberiske halvøya, hovdusakleg i Spania, men med enkelte område heilt sør i Frankrike.

Fyrstedømet vart skipa då fleire grevskap vart samla som Marca Hispanica under reconquista, styrt av greven av Barcelona. Det vart seinare, i 1137, slått saman med kongemakta Aragón, og vart eit viktig medlem her.

Namnet «Fyrstedømet Catalonia» var i bruk fram til Den andre spanske republikken, då bruken av namnet vart forbode på grunn av den historiske tilknyttinga til monarkiet. Namnet vert framleis stundom brukt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 42°19′09″N 3°20′00″E