Fyrverkeri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fyrverkeri er behaldarar av papir eller plast som inneheld ulike blandingar av kjemikalie som lagar lys, lyd og røykeffektar når dei blir avfyrt. Fyrverkeri blir mest brukt for estetikken og underhaldning si del og vert brukt for å markera store feiringar, som vestleg og kinesisk nyttår, divali og nokre land sine nasjonaldagar. I tillegg til å vera flott å sjå og høyra på, har det òg vorte brukt til å skremma vekk vonde ånder. Det har også vore brukt til krigføring.

Nyttårsfyrverkeri i Oslo 2005/2006.

Fyrverkeri vert klassifisert etter korleis det oppfører seg. Enten som bakkefyrverkeri eller luftfyrverkeri. Luftfyrverkeri har enten eige framdrift til dømes rakettar eller blir skote opp i lufta med ein krutladning frå eit papir, plast eller metallrøyr med ein plugg i eine enden.

Bakkefyrverkeri har kortare rekkevidde og nokre av dei vanlegaste typane er fontener, hjul, hylarar, knatreband og liknande.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bakkefyrverkeri skildra av Joseph Furttenbach på 1600-talet.

Fyrverkeriet vart funne opp i Kina. Den eldste kjende omtalen er frå 600-talet, då bråkete biān pào (鞭炮/鞭砲) både blei brukt til å skremma vekk vonde ånder og til å be for lukke og glede. Etterkvart blei det å laga og senda opp fyrverkeri velsette yrke, og fyrverkeri blei sende opp av keisarar og rikfolk. Under Ming-dynastiet kunne var det også blitt vanleg for allmugen å brenna fyrverkeri ved større hendingar. Verket Huolongjing frå 1300-talet skildrar eit anna bruksområde for krutet brukt i fyrverkeri: Krigføring med rakettar, kanonar og liknande.

Den romerske paven brukte fyrverkeri første gongen i Europa på 1400-talet, medan det første norske fyrverkeriet skal ha vore brukt for å feira at Kristian IV kom heim frå ei reise til Nord-Noreg den 25. juni 1599. Fram til starten på 1800-talet da kaliumklorat fyrst vart framstilt var ikkje effektar med farger i bruk.

Oppsett av fyrverkeri.
Foto: Klaus Graf

Kjemi[endre | endre wikiteksten]

Alle blandingar nytta i fyrverkeri inneheld eit oksidasjonsmiddel og eit brennstoff. I tillegg blir ulike kjemikaliar tilsett for å få ulik farge på flamma. Strontiumklorid lagar raudt, koparklorid lagar blått, og bariumklorid lagar grønt, medan andre kombinasjonar lagar fleire sjatteringar. Dette skjer ved at elektrona i atoma får mykje energi og går ut i ein elektronbane som er lengre ute. Når dei går tilbake til heimebanen sin, gjev dei frå seg mykje av energien igjen i form av eit farga foton. Vanlege brennstoff er aluminium, magnesium, magnalium som er ei legering av dei to første, trekol og diverse bindemiddel som også fungerer som brennstoff. I dag er dei vanlegaste oksidasjonsmidla kaliumnitrat og kaliumperklorat. Tidlegare var kaliumklorat mykje nytta, men har større risiko enn dei to første sidan blandingar basert på dette treng lågare temperatur for at reaksjonen skal starte.

Vanlege fyrverkeritypar[endre | endre wikiteksten]

Russisk soldat fyrer av ein congreverakett.

Rakettar[endre | endre wikiteksten]

Ein fyrverkerirakett har to hovuddelar. Ein motor som driv raketten fram og ein effektdel som blir løyst ut når motoren har brent ut. Raketten blir stabilisert med ein styrepinne som vanlegvis er laga av tre.

Rakettmotoren er ofte basert på ei svartkrutblanding der brennhastigheita er redusert ved at det er tilsett større mengder brensel i form av større partiklar av trekol eller metall som aluminium, titan eller jarn. I tillegg til at brennhastigheita på drivstoffet i motoren ikkje blir for høg så gjev dette raketten ein fin hale av gneistar.

Effektdelen består ofte av ei lita sylinder eller kuleforma luftbombe som består av fyrverkeristjerner, ein sprengladning av svartkrut eller kraftigare blandingar basert på kaliumperklorat. Denne blir utløyst når motoren har brent ut og raketten har nådd toppen av bana si.

Tre fontener med sølveffekt frå den tyske produsenten Zink.

Fontener[endre | endre wikiteksten]

Ei fontene består av eit røyr som vanlegvis er laga av laminert papir, ei dyse som reduserer diameteren på opninga og ein sokkel i enden som gjer fontena stabil slik at ho ikkje velter under bruk. Fontena avfyrast med ei lunte som går ned i dysa frå toppen.

I røyret fontena består av er det pressa ei blanding som vanlegvis består av ei svartkrutblanding som er tilsett metallpartiklar eller små fyrverkeristjerner. Titan og aluminium gjev fontena kvite gneistar. Jarn gjev gullfarga gneistar. Fontena brenn frå toppen og nedover til alt brennstoffet er brukt opp. Dysa reduserer diameteren slik at trykket i fontena blir høgare og gneistane blir sendt høgare opp i lufta før dei brenn ut.

Hjul[endre | endre wikiteksten]

Fyrverkerihjul frå eit fyrverkeri i Banda i Mexico.

Fyrverkerihjul består av ei plast, tre eller metallramme med påmonterte røyr vanlegvis laga av laminert papir. Desse røyra inneheld ei pressa blanding basert på svartkrut eller meir energiske blandingar basert på kaliumperklorat og metallpartiklar som lagar gneisteffektar. Desse røyra er kopla saman med rasktbrennande lunter slik at dei blir avfyrt etter tur eller i parallell. Hjulet blir montert på ein påle eller eit stativ for foremålet før det blir avfyrt. Effekten er ein sirkel av gneistar i ulike fargar.

Luftbombe avfyrt i Ichikawa i Chiba i Japan, 2005

Luftbomber[endre | endre wikiteksten]

Luftbomber er ein sylinder eller kuleforma behaldar ofte av papir eller plast som har fire houvddelar.

  • Fyrverkeristjerner eller andre effektar
  • Ein sprengladning av til dømes svartkrut
  • Ei tidslunte som brenn til luftbomba har nådd maksimal høgde
  • Ein drivladning som skyt luftbomba opp i lufta frå eit utskytingsrøyr.

Tidslunta brenn mens luftbomba blir skote opp i lufta. Når luftbomba har nådd maksimal høgde blir sprengladningen utløyst og fyrverkeristjernene blir skote ut i eit kuleforma mønster før dei brenn ut. Små luftbomber blir nytta i fyrverkeribatteri tilgjengelege for konsumentar og større luftbomber blir nytta av profesjonelle.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fyrverkeri