Gáisi valkrins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gáisi valkrins (nordsamisk Gáiseguovllu válgabiire, bokmål Gáisi valgkrets) er ein valkrins ved Sametingsvala i Noreg frå og med valet i 2009.[1] Krinsen vert også kalla valkrins 4. Stemmerett i krinsen har dei som er busette der og er innførte i manntalet til Sametingsvalet. I 2017 var det 2547 personar som var registrerte i manntalet i området.[2]

Krinsen femner kommunane Kåfjord, Storfjord, Lyngen, Karlsøy, Tromsø, Balsfjord, Målselv, Bardu, Lenvik, Berg, Torsken, Tranøy og Sørreisa i Troms fylke.[1]

I 2009 vart det vald inn fem sametingsrepresentantar frå krinsen.[3] Sametinget skal til saman ha 39 representantar.

Krinsordninga ved Sametingsvala vart endra framfor valet i 2009. I staden for dei 13 krinsane ein nytta ved Sametingsvala i 1989, 1993, 1997, 2001 og 2005, er det frå 2009 sju krinsar.[4] Gáisi valkrins tilsvarar dei tidlegare krinsane Midt-Troms valkrins og Nord-Troms valkrins, utom kommunane Skjervøy, Nordreisa og Kvænangen som no høyrer til Nordre valkrins, med tillegg av Sørreisa kommune som tidlegare høyrde til Sør-Troms valkrins.[5]

Parti og vallister som stilte til Sametingsvalet i 2017 i Gáisi valkrins[endre | endre wikiteksten]

Desse partia og vallistene stilte til Sametingsvalet i 2017 i krinsen.[6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]