Gándara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gándara
Utspring La Gándara
Munning Asón
Land i nedslagsfelt Flag of Spain.svg Spania
Lengd 18 km

Gándara (òg kalla Soba) er ei elv nord i Spania. Ho renn gjennom den autonome regionen Cantabria og munnar ut i Asón. Elva er 18 km lang. Gándara har gode høve for aurefiske.

Elva har fått namn etter sletta der ho oppstår, kalla La Gándara, nedanfor Becerral-klippa. Ho renn frå vest til aust fram til Bolea og Regules-brua, der ho vender nordover. Seinare renn ho austover igjen. I somme område dannar elva fossefall.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Spania å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.