Gåte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå musikkgruppa Gåte.
Gresk vase frå perioden 450-440 f.Kr., no ved Altes Museum i Berlin. Ødipus løyser gåta til Sfinksen: Kva dyr har først fire bein, så to bein og så tre bein?

Ei gåte (norrønt gáta, har samanheng med 'å gjetta')[1] er eit spørsmål med eit svar som er ukjent eller vanskeleg å finna. Gåter kan vera djupe filosofiske spørsmål, mysterium ein prøver å finna ut av i vitskapen, eller ei form for underhalding.

Gåtar har spelt ei rolle i mytologien, til dømes måtte Odyssevs svara på ei gåte då han møtte ein sfinks, og Odin lurte mange fiendar ved å stille dei lure gåter.

Ein finn gåter i litteraturen, til dømes som ein svært viktig del i Hobbiten av J.R.R. Tolkien.

Det finst gåter frå norrøn tid og nyare gåter på rim frå både norsk folkedikting og frå britiske litteratar.

Nyare gåter kan vera forma som vitsar. Svaret på desse er ikkje logisk, men er overraskande, absurd, eller lagar eit ordspel.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]