Gåve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Japansk pengegåve i tradisjonell konvolutt.

Gåver er ting, handlingar eller andre gode som blir gjevne vekk utan å krevja noko igjen for det. Skikken med å gje gåver finst innan mange kulturar, og blir ofte styrt av uskrivne reglar om kven som skal gje til kven, kor stor verdi gåvene skal ha, korleis gåva skal gjevast og takast imot, og kva det er venta at mottakaren gjer som takk for gåva.

Ein kan gje gåver til visse høgtider, som jul eller id, i samband med overgangsriter, som vigsel, dåp eller bar mitsva, eller til andre feiringar, som fødselsdagar eller velkomstar.

Den franske sosiologen Marcel Mauss skildra gåvefenomenet i Essai sur le don (1923-24). I boka viser han til gåvetradisjonar i «primitive kulturar» og argumenterer for at ei gåve aldri er gratis, men går inn i eit system for å bygga band innan ei gruppe. I nokre kulturar er det ein flytande overgang mellom gåver og korrupsjon.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«gave» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Gåve
  • Marcel Mauss and W.D. Halls, Gift: The Form and Reason for Exchange in Archaic Societies, W. W. Norton, 2000, trade paperback, ISBN 0-393-32043-X
  • Lewis Hyde: The Gift: Imagination and the Erotic Life of Property, 1983 (ISBN 0-394-71519-5), especially part I, "A Theory of Gifts", part of which was originally published as "The Gift Must Always Move" in Co-Evolution Quarterly No. 35, Fall 1982.