Géo Voumard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Géo Voumard (fødd 2. desember 1920 i Biel, død 3. september 2008) var ein sveitsisk jazzpianist og komponist.

Eurovision Song Contest 1956[endre | endre wikiteksten]

Saman med Émile Gardaz skreiv han eit av dei to sveitsiske bidraga i Eurovision Song Contest 1956, «Refrain». Songen heit opphavleg «Refrains» og vart framførd av Lys Assia og Quinteta Radiosa i Concours Eurovision 1956, den sveitsiske uttakinga til Eurovision Song Contest 1956. Bidraget vart berre framførd av Lys Assia i den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest og før finalen endra ein tittelen på «Refrains» til «Refrain».

Songen starta som nummer ni i finalen, etter Nederland med «Voorgoed voorbij» av Corry Brokken og før Belgia med «Le plus beau jour de ma vie» av Mony Marc. Bidraget vart offenleggjord som vinnar.

Eurovision Song Contest 1957[endre | endre wikiteksten]

I 1957 skreiv han òg det sveitsiske bidraget saman med Émile Gardaz. Songen, som heit «L'enfant que j'étais», vart framførd av Lys Assia i Concours Eurovision 1957, den sveitsiske uttakinga til Eurovision Song Contest 1957.

Songen starta som nummer ti i finalen, etter Danmark med «Skibet skal sejle i nat» av Birthe Wilke og Gustav Winckler.

Bidraget fekk to poeng frå Danmark og eitt poeng frå Luxembourg, Italia og Vest-Tyskland. Sveits fekk tilsaman fem poeng og enda på åttandeplass av totalt ti bidrag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Mal:Sveitsiske låtskrivarar i Eurovision Song Contest