Gökgölgrotta
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Gökgöl | |
| grotte | |
|
Inngangen til grotta
|
|
| Land | |
|---|---|
| Provins | provinsen Zonguldak |
| Lengd | 3 350 km |
| Oppdaga av | Temuçen Aygen, Chris Mauer og Harvery Lomas |
| - dato | 1976 |
Gökgölgrotta er ei grotte i provinsen Zonguldak i Tyrkia. Grotta ligg nær byen Zonguldak, om lag 5 km i luftlinje.
Grotta vart oppdaga i 1976 av Temuçen Aygen, Chris Mauer og Harvery Lomas [1] Mellom 1997 og 2001 vart grotta tilrettelagt for turistar, og sidan ho ligg nær hovudvegen vart ho godt vitja dei første åra.[2]
Grotta er totalt 3350 meter lang, men berre dei første 875 metrane er opne for vitjande. Breidda av grotta er her 2 til 15 meter og høgda frå 1 til 18 meter. Grotta har mange stalaktittar og stalagamittar.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Gökgöl Cave» frå Wikipedia på engelsk, den 5. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: