Görlitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Görlitz
Goerlitz stadtansicht.jpg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Görlitz
Görlitz is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Sachsen
Dresden
Kreisfri by
Først nemnd i 1071
Geografi
Flatevidd
 - By

67,22 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

57 111
  850/km²
Koordinatar 51°9′0″N 14°59′0″EKoordinatar: 51°9′0″N 14°59′0″E
Høgd over havet 199 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 02801-02829
Telefon-retningsnummer 03581
Bilnummer GR
Heimeside: www.goerlitz.de

Görlitz (sorbisk Zhorjelc, tsjekkisk Zhořelec, polsk Zgorzelec) er ein by i Tyskland ved elva Neisse i delstaten Sachsen med om lag 55 000 innbyggjarar. Byen ligg ovanfor Zgorzelec, som var ein del av Görlitz fram til 1945. I dag er den austlege delen av byen i Tyskland. Historisk har byen høyrt til områda Lausitz og Schlesien.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein veit ikkje kortid byen vart grunnlagd, men han vart først nemnd i 1071. På den tida var Görlitz ein liten landsby kalla Gorelic i regionen Lausitz, som like etter vart ein del av Böhmen. På 1200-talet utvikla landsbyen seg gradvis til ein by. På grunn av plasseringa langs Via Regia, ein gamal handelsveg, vart han raskt svært rik.

Dei neste hundreåra var han eit rikt medlem av Oberlausitzer Sechsstädtebund, som bestod av seks byar i Lausitzen, Bautzen, Görlitz, Kamenz, Lauban, Löbau og Zittau.

Byen Gorlice sør i Polen vart grunnlagd under styret til Kasimir III av Polen i 1354 av kolonistar frå Görlitz.

Etter å ha lidd under trettiårskrigen vart byen og området Oberlausitzer gjeve til Sachsen (1635). I 1815, etter napoleonskrigane, avgjorde Wienerkongressen at Görlitz skulle verte ein del av Preussen, og byen vart ein del av den prøyssiske provinsen Schlesien frå 1815 til 1945.

Nazi-Tyskland tapte den andre verdskrigen sprengde tyske troppar alle bruene over Neisse. Grensene mellom Polen og Tyskland vart trekt om i 1945, og følgde elvane Neisse og Oder, og dette delte byen i to, der bydelane på den høgre sida vart polske, og fekk namnet Zgorzelec i 1948, medan største delen av byen vart ein del av den tyske delstaten Sachsen, men dei austtyske delstatane vart oppløyst i 1952 og gjenninnført etter gjenforeininga av Tyskland i 1990.

I dag er Görlitz og Zgorzelec to byar på kvar si side av elva og to bruer er vorte bygd opp att.

Görlitz er heimstad for dei tyske fotballspelarane Michael Ballack og Jens Jeremies.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Görlitz

Kjelder[endre | endre wikiteksten]