Göta kanal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bergs sluser i Göta kanal

Göta kanal er ein kanal som går gjennom Götaland i Sverige. Kanalen er 190,5 km lang, av dette er 87,3 km utgraven kanal. Saman med Trollhätte kanal og Göta älv utgjer Göta kanal ein 390 km lang vassveg tvers gjennom Sverige.

Göta kanal går frå Göta Älv mellom Göteborg og Vänern, vidare til Vättern, Boren, Roxen og munnar ut i Söderköping og Mem.

12. april 1810 fekk arkitekten Baltzar von Platen løyve til å byggja kanalen. Bygginga var tenkt å lata skip ferdast tvers gjennom Sverige. Slik unngjekk ein å betala Øresundstoll til Danmark. Skip som skulle frå Kattegat til Østersjøen skulle i staden kunna sigla gjennom Sverige, utanom Øresund. I tillegg skulle ein kunna flytta krigsskip snøgt frå kyst til kyst. Kanalen vart opna den 26. september 1832, nokre tiår før utbygging av jarnvegar tok til. Kanalen fekk i røynda ikkje nokon stor økonomisk tyding. I staden har kanalen vorte ein populær turistattraksjon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]