Gautar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gøtar)
Sverige på 1100-talet med utbreiinga av ulike folkegrupper. ██ Svear ██ Gautar ██ Gutar

Gautane eller gøtane (norrønt gautar, svensk götar) var eit nordgermansk folk som budde i område i dagens sørlege Sverige. Desse områda ber fortsett preg av dette, spesielt i namn som Göteborg, Västergötland og Östergötland.

Gautane vart omtalt allereie i år 150 av den greske astronomen og geografen Klaudios Ptolemaios som «Goutai». Jordanes skreiv om Gautigoth i det sørlege Sverige, mens Prokopius kalla dei Gautoi.  Sagalitteraturen kalla dei Gautar. Det er usikkert om geater som er nemnde i Beowulfkvadet og Widsith, er gautar eller jydarGautar kunne tidlegare brukast som etnisk nemning for forfedrane til alle nordiske folk, men det omgrepet har blitt erstatta av (nord)germanarar.

Gutarane frå Gotland er eit uavhengig folkeslag, men dei har same opphav.