Günter Netzer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Günter Netzer
Günter Netzer i 2005
Personleg informasjon
Fødselsdato 14. september 1944 (79 år)
Fødestad Mönchengladbach i Tyskland
Høgd 178 cm
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1963-1973 Borussia M'gladbach 297 (108)
1973-1976 Real Madrid 85 (9)
1976-1977 Grasshoppers 26 (3)
Totalt 408 (120)
Landslag
1965-1975 Vest-Tyskland 37 (6)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Günter Netzer (fødd 14. september 1944) er ein av dei største og mest karismatiske fotballspelarane Tyskland har fostra.[treng kjelde] Han er fødd i Mönchengladbach, ein industriby i Nordrhein-Westfalen, og spelte mesteparten av karrieren sin i Borussia Mönchengladbach (1963-1973), der han i fleire år var den suverene kapteinen. På sitt beste var Netzer ein genial midtbanedirigent både på klubb- og landslaget, og saman med Franz Beckenbauer styrte han det landslaget som vart europameister i 1972. I Tyskland vert dette laget rekna som det beste tyske landslaget gjennom alle tider.I finalen slo Vest-Tyskland Sovjetunionen med 3-0, og desse elleve spelte kampen: Sepp Maier, Bayern München, Horst-Dieter Höttges, Werder Bremen, Franz Beckenbauer, Bayern München, Georg Schwarzenbeck, Bayern München, Paul Breitner, Bayern München, Uli Hoeness, Bayern München, Günter Netzer, Borussia Mönchengladbach, Herbert Wimmer, Borussia Mönchengladbach, Jupp Heynckes, Borussia Mönchengladbach, Gerd Müller, Bayern München, Erwin Kremers, Schalke 04.

Spelar og manager[endre | endre wikiteksten]

Med Borussia Mönchengladbach vann Netzer Bundesliga to gonger, i 1970 og -71, og i sin siste kamp for ”die Fohlen”, som laget vart kalla, skåra han sigersmålet i cupfinalen mot Köln. Både i 1972 og 1973 vart han kåra til årets spelar i Vest-Tyskland.

I 1973 gjekk han til Real Madrid, der han spelte i tre sesongar. Han vart spansk seriemeister med Real Madrid, og verdsmeister med Vest-Tyskland i 1974, men i den sistnemnde turneringa spelte han berre ein kamp. Landslagssjef Helmut Schön valde i staden å bruke Netzer sin hardaste konkurrent på midtbana, Wolfgang Overath.

Årsaka til det var dels at Netzer var skadd under oppkøyringa til meisterskapet, og dels at tilhøvet mellom han og Schön ikkje alltid var det beste. Netzer vart rekna for å vere eigenrådig og å gå sine eigne vegar, i alle fall særs sjølvstendig. «Rebell am Ball» vart han ofte omtalt som. Netzer hadde også sine feidar med den legendariske trenaren i Mönchengladbach, Hennes Weisweiler (1919-1983), men var samstundes den lengde armen hans på bana. Etter ein sesong i den sveitsiske klubben Grashoppers avslutta han karrieren i 1977.

Frå 1978 til 1986 var han manager i Hamburger Sportverein, HSV, og desse åra er dei beste i den kjende klubben si historie. I 1979, -82 og -83 vann laget Bundesliga, og i 1983 gjekk HSV også til topps i Europacupen for serievinnarar, i dag Champions League.

Netzer var frykta for dei presise pasningane sine, for skota og dødballane sine, og ikkje minst for raida frå eigen banehalvdel, raid som han gjerne avslutta med sjanseskapande pasningar eller farlege skot.Det er dette som ligg til grunn for tittelen på sjølvbiografien hans Aus der Tiefe des Raumes (Frå djupet av rommet) Nokon arbeidshest på bana var han derimot ikkje. Trass i at han ikkje er meir enn 1,78 m høg, hadde han også tilnamnet «der Lange».

Dei siste åra har Netzer kommentert fotball saman med Gerhard Deling i fjernsynskanalen ARD. Han har også vore spaltist i Bild-Zeitung. Ei tid var han forretningsmann i Sveits.

Kampar og skåringar[endre | endre wikiteksten]

  • Borussia Mönchengladbach: 230 kampar, 82 mål
  • Real Madrid: 85 kampar, 9 mål
  • Landslaget: 37 kampar, 6 mål

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Günter Netzer: Aus der Tiefe des Raumes
  • Det tyske fotballmagasinet Kicker