G.D.H. Cole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

George Douglas Howard Cole (25. september 188914. januar 1959) var ein engelsk politisk tenkjar, økonom, forfattar og historikar. Som libertær sosialist var han lenge medlem av Fabian Society og forkjempar for kooperativrørsla. Han og kona Margaret Cole (1893-1980) skreiv saman mange populære detektivhistorier , med etterforskarane Superintendent Wilson, Everard Blatchington og Dr Tancred.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Cole vart utdanna ved St Paul's School i London og Balliol College i Oxford.

Som militærnektar under første verdskrigen, var det Cole sitt engasjement i kampanjen mot tvangsutskriving av soldatar som gjorde at han trefte kona Margaret. Dei gifta seg i 1918. Paret arbeidde for Fabian Society dei neste seks åra, før dei flytta til Oxford, og Cole begynte å skrive for avisa Manchester Guardian. I desse åra skreiv han òg fleire økonomiske og historiske verk, mellom dei biografiar om William Cobbett og Robert Owen. I 1925 vart han forelesar i samfunnsøkonomi ved University College i Oxford. I 1944 vart Cole den første Chichele Professor of Social and Political Theory i Oxford.

Sosialisme[endre | endre wikiteksten]

Cole vart interessert i fabianisme medan han studerte ved Balliol College i Oxford. Han vart med i leiinga for Fabian Society etter oppmoding frå Sidney Webb. Cole vart ein av dei fremste forkjemparane for laugssosialistiske idear, eit libertær-sosialistisk alternativ til marxistiske økonomiske teoriar. Desse ideane sette han fram i The New Age før og under første verdskrigen, og dessutan i vekeavisa New Statesman, grunnlagd av Beatrice Webb og George Bernard Shaw.

Cole fortalde at interessa hans for sosialisme vart vekt da han las News from Nowhere, den utopiske romanen av William Morris. Cole skreiv:

I became a Socialist because, as soon as the case for a society of equals, set free from the twin evils of riches and poverty, mastership and subjection, was put to me, I knew that to be the only kind of society that could be consistent with human decency and fellowship and that in no other society could I have the right to be content.”[1]

Som verken marxist eller vanleg sosialdemokrat såg Cole for seg ein sosialisme av desentraliserte samanslutningar og aktivt, deltakande demokrati, der grunneiningane skulle vere på arbeidsplassen og i lokalsamfunnet heller enn i det sentrale statsapparatet. [2]

Cole hadde stor innverknad på den unge Harold Wilson, som han var lærar for, arbeidde med og overtydde om å bli med i Labour, Det britiske arbeidarpartiet. Før han hadde òg Hugh Gaitskell vore student under G.D.H. Cole.

Cole skreiv minst seks bøker for Left Book Club, alle utgitt av Victor Gollancz Ltd.

Kooperative studium[endre | endre wikiteksten]

Cole var òg ein viktig teoretikar for samvirkerørsla, og har kome med fleire bidrag til studiet av kooperasjonen, både med økonomisk og historisk synsvinkel. Særleg boka "The British Co-operative Movement in a Socialist Society" granska den økonomiske statusen til den engelske kooperasjonen, vurderte sjansen for å kome fram til eit samvirkesamfunn (Co-operative Commonwealth) utan statleg medverknad, og laga hypotesar om kva rolle samvirkerørsla ville spele i eit sosialistisk land. [3]

Ei anna bok, A Century of Co-operation, undersøkte historia til samvirkerørsla, frå dei aller første kooperativa til utviklinga av rørsla i Storbritannia i det neste hundreåret.[4]

Sakprosa[endre | endre wikiteksten]

  • Trade Unionism on the Railways (med R Page Arnot, 1917)
  • Self-Government in Industry (1917)
  • The Payment of Wages (1918)
  • The Regulation of Wages During and After the War (1918)
  • Guild Socialism Restated (1920)
  • The World of Labour (1923)
  • The Life of William Cobbett (1925)
  • Robert Owen (1923)
  • The Intelligent Man's Guide Through World Chaos (1930)
  • The Condition of Britain (med Margaret Cole, 1937) LBC
  • The People's Front (1937) LBC
  • War Aims (1939) LBC
  • Europe, Russia and the Future (1941) LBC
  • Great Britain in the Post-War World (1942) LBC
  • Monetary Systems and Theories (1943)
  • The Means to Full Employment (1943) LBC
  • A Century of Cooperation (1944)
  • Persons & Periods (1945)
  • The Common People, 1746-1946 (med Raymond Postgate, 1946)
  • A Short History of the British Working Class Movement, 1789-1947 (1947) ISBN 0415265649
  • A History of the Labour Party from 1914, (London: Routledge & K. Paul, 1948)
  • The Meaning of Marxism, (1950) LBC
  • The British Co-operative Movement in a Socialist Society, (London, G. Allen & Unwin 1951)
  • Introduction to Economic History 1750-1950, (London: Macmillan 1952)
  • A History of Socialist Thought: 7 Volumes, (London: Palgrave Macmillan (2003) ISBN 140390264X)

Detektivhistorier[endre | endre wikiteksten]

  • Cole, G. D. H. (1923) The Brooklyn Murders
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1925) The Death of a Millionaire
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1926) The Blatchington Tangle
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1927) The Murder at Crome House
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1928) The Man from the River
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1928) Superintendent Wilson's Holiday
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1929) Poison in the Garden Suburb aka Poison in a Garden Suburb
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1930) Burglars in Bucks aka The Berkshire Mystery
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1930) Corpse in Canonicalsaka The Corpse in the Constable's Garden
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1931) The Great Southern Mystery aka The Walking Corpse
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1931) Dead Man's Watch
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1932) Death of a Star
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1933) A Lesson in Crime (short stories)
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1933) The Affair at Aliquid
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1933) End of an Ancient Mariner
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1934) Death in the Quarry
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1935) Big Business Murder
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1935) Dr Tancred Begins
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1935) Scandal at School aka The Sleeping Death
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1936) Last Will and Testament
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1936) The Brothers Sackville
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1937) Disgrace to the College
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1937) The Missing Aunt
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1938) Mrs Warrender's Profession
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1938) Off with her Head!
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1939) Double Blackmail
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1939) Greek Tragedy
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1940) Wilson and Some Others
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1940) Murder at the Munition Works
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1940) Counterpoint Murder
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1941) Knife in the Dark
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1942) Toper's End
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1945) Death of a Bride
  • Cole, G. D. H. and Cole, M. I. (1946) Birthday Gifts

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. G. D. H Cole, "World Socialism Restated," pamphlet (1956), quoted by Margaret Cole, The Life of G. D. H. Cole, Macmillan/St. Martin's (1971); cited, Harry Barnes, Three Score Years and Ten (July 24, 2006).
  2. Peter Sedgwick, "A Return to First Things", Balliol College Annual Record 1980, pp.86-88 (review of A. W. Wright, G.D.H. Cole and Socialist Democracy). Marxists’ Internet Archive. On line.
  3. Cole, G.D.H., “The British Co-operative Movement in a Socialist Society: A Report for the Fabian Society”, London: George Allen & Unwin Ltd., 1951.
  4. Cole, G.D.H., A Century of Co-operation, Oxford: George Allen & Unwin Ltd., 1944.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av G.D.H. Cole ved Wikisource.


Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege wikipediaen, art. med same namnet, som lesen 11. mars 2009.