G.H. Hardy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
G.H. Hardy

Godfrey Harold Hardy (7. februar 18771. desember 1947) var ein kjent engelsk matematikar. Hardy er kjent for resultata sine i talteori og matematisk analyse. Han vart kalla «Harold» av nokre få nære vener, men er elles kjent som «G.H.».

Blant ikkje-matematikarar er han nok mest kjent for essayet sitt om estetikken i matematikken: A mathematician's apology (1940). Dette verkte gjev eit godt innblikk i korleis matematikarar tenkjer, og det er skrive for folk som ikkje er matematikarar sjølv.

Hardy er òg kjent for å ha teke seg av den indiske matematikaren Srinivasa Aiyangar Ramanujan. Sjølv har Hardy sagt at oppdaginga av Ramanujan er dei viktigaste bidraga hans til matematikken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • G.H. Hardy - MacTutor History of Mathematics archive