GAZ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gorkovskij Awtomobilnyj Zavod (GAZ)
Skipa 1932
Type Aksjeselskap
Land Russland
Hovudkontor Moskva.
Produkt Bilar, lastebilar, bussar
Dagleg leiar Erik Eberdhardson
Nettstad eng.gazgroup.ru/
GAZ 3105.

Gorkovskij awtomobilnyj zavod (GAZ) (ru. Горьковский автомобильный завод, Bilfabrikken i Gorki) er ein russisk bilprodusent med hovudkontor i Nizjnij Novgorod. Føretaket var tidlegare kalla AvtoGAZ (ru: АвтоГАЗ). Føretaket fekk namnet sitt i sovjettida medan Nizjnij Novgorod heite Gorki.

GAZ er den nest største bilprodusenten i Russland, etter AvtoVAZ. På verdsbasis er GAZ på 29. plass (2005). GAZ produserer personbilar, varebilar, lastebilar, bussar og terrengbilar. Føretaket har nytta merkenamna GAZ og Volga (ru. Волга). På 1960-talet var Volga i sal i Noreg.