GET-ligaen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

GET-ligaen (tidlegare UPC-ligaen) er namnet på Eliteserien i ishockey for menn i Noreg og vert administrert av Norges Ishockeyforbund. Vinnaren av seriespelet blir seriemeister, medan vinnaren av sluttspelet blir noregsmeister og blir samtidig tildelt Kongepokalen.

Seriespel[endre | endre wikiteksten]

Serien består av ti lag der dei åtte beste kvalifiserer seg til sluttspelet. Dei to dårlegaste laga må spela kvalifisering mot dei to beste frå 1. divisjon om retten til å spela i neste sesongs GET-liga. Talet på kampar kvart lag har spelt har variert med åra. For tida spelar laga fem kampar mot kvarandre, i alt 45 seriekampar.

Sluttspel[endre | endre wikiteksten]

I sluttspelet speler ein om tittelen Noregsmeister. Sluttspelet blir avvikla over fire kvartfinaleseriar, to semifinaleseriar og éin finaleserie. Alle seriane blir spelt over best av sju kampar, dvs. fyrste lag til å vinna fire kampar. Kvar kamp skal ha ein vinnar, og dersom det står uavgjort etter ordinær tid (60 minutt), så speler ein forlenging heilt til eitt av laga skårar.

Seriespelet er grunnlaget for kvart einskilde lags seeding i sluttspelet. Seriemeisteren blir seeda som nummer éin og får heimebanefordel i heile sluttspelet. Laget får også fyrst velja motstandar i kvartfinaleserien, og kan fritt velja mellom laga som enda opp frå femte- til åttandeplass. Deretter vel lag nummer to mellom dei laga som er att av laga fem til åtte, og slik held det fram til alle valmoglegheitene er oppbrukte. Det laget som er høgst seeda i ein sluttspelserie har heimebanefordel, dvs. at laget har heimekamp ved ein eventuell sjuande og avgjerande kamp.

Lag[endre | endre wikiteksten]

Lag By/Område Arena Kapasitet Trener
Nåværende lag
Frisk Asker Asker Askerhallen 2 400 Mal:Flagathlete
Lillehammer Lillehammer Kristins Hall 3 194 Mal:Flagathlete
Lørenskog Lørenskog Lørenskog Ishall 1 350 Mal:Flagathlete
Manglerud Star Oslo Manglerudhallen 2 000 Mal:Flagathlete
Rosenborg Trondheim Leangen Ishall 3 000 Mal:Flagathlete
Sparta Warriors Sarpsborg Sparta Amfi 3 450 Mal:Flagathlete
Stavanger Oilers Stavanger Siddishallen 3 100 Mal:Flagathlete
Stjernen Fredrikstad Stjernehallen 2 473 Mal:Flagathlete
Storhamar Dragons Hamar Hamar OL-Amfi 6 091 Mal:Flagathlete
Vålerenga Oslo Jordal Amfi 4 450 Mal:Flagathlete
Tidlegare lag
Comet Halden Halden Ishall 2 200 defunct
Furuset Oslo Furuset Forum 1 498 Mal:Flagathlete
Trondheim Black Panthers Trondheim Leangen Ishall 3 500 defunct
Hasle-Løren Oslo Lørenhallen 1 500 Mal:Flagathlete
Bergen Flyers Bergen Bergenshallen 3,000 defunct

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kvar sesong vert det avhalde ei rekkje kåringar i GET-ligaen, desse er:

  • Årets lag (målvakt, back, back, høgre ving, center og venstre ving)
  • Årets spelar
  • Årets trenar
  • Årets hovuddomar
  • Årets linjedomar
  • Årets arena/arrangement
  • Årets sekretariat
  • Årets frivillige

For sluttspelet kårar ein også den mest verdifulle spelaren i GET-ligaen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]