GIMPS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Logo av GIMPS

GIMPS, The Great Internet Mersenne Prime Search, er eit forskingsprosjekt i matematikk. Målsetjinga til prosjektet er å finne store mersenneprimtal med hjelp frå programvara Prime95 og MPrime og bruk av distribuert datahandsaming.

Fram til september 2006 har prosjektet vore framgangsrikt og har lukkast med å oppdage ti mersenneprimtal, alle var òg største kjente primtalet då det vart oppdaga. Per 4. september 2006 er det største primtalet 232 582 657 − 1 (eller kort M32582657). Dermed er begge dei siste to mersenneprimtala funne med hjelp frå 700 samanbundne datamaskinar under kontroll av Steven Boone og Curtis Cooper ved Central Missouri State University i USA.

Sidan juni 2006 har GIMPS hatt ein gjennomstraum av over 20 teraflops, som gjer GIMPS til ein av dei mest kraftfulle superdatamaskinane i verda.

Sjølv om programvara for GIMPS er open kjeldekode, er han ikkje teknisk sett fri programvare ettersom det finst restriksjonar som gjeld prisutdeling som brukarane må følgje. Etter at Electronic Frontier Foundation har delt ut Cooperative Computing Awards-prisane er likevel restriksjonane utan verknad.

Oversikt over primtal som er oppdaga[endre | endre wikiteksten]

Ein kan skrive primtal på forma Mn, der n er eksponenten. Sjølve primtalet er 2n − 1, til dømes det første primtalet i tabellen under er 232 582 657 − 1.

Dato for oppdaging Primtal Siffer
4. september 2006 [1] M32582657 9808358
15. desember 2005 M30402457 9152052
18. februar 2005 M25964951 7816230
15. mai 2004 M24036583 7235733
17. november 2003 M20996011 6320430
14. november 2001 M13466917 4053946
1. juni 1999 M6972593 2098960
27. januar 1998 M3021377 909526
24. august 1997 M2976221 895932
13. november 1996 M1398269 420921

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]