GMES

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

GMES eller Global Monitoring for Environment and Security er eit felles program mellom EU og ESA for å bygge opp ein europeisk kapasitet for å overvake jorda. GMES vil bestå av mange ulike observasjonsplattformar både in situ målingar og satellittar. GMES-prosjektet starta opp i 1998 og skal vere operativt frå 2014

Styresmaktene i dei ulike landa vil vere den viktigaste brukargruppa for systemet. Systemet vil gje kunnskap om klimaendringar og miljøtilstand. GMES er det europeiske bidraget inn i Global Earth Observation System of Systems (GEOSS)

GMES bygger på fire pilarar:

  • ein romkomponent med satellittar som observerer landjorda, atmosfæra og hava. Dette pilaren vil i hovudsak utnytte Sentinel satellittane. den første sentinellsatellitten skal skytast opp i 2013
  • in situ målingar som er landbasert eller flybasert. Desse vil delvis komplimentere satellittmålingane og delvis nyttast til å kalibrere satellittane
  • dataharmonisering mellom ulike system og
  • tenester til brukarane

GMES skal gje informasjon innafor seks ulike tematiske område, maritimt, land, atmosfære, kriser, tryggleik og klimaendringar.

[endre] Kjelde

GMES Info

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk