GNOME
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
GNOME (GNU Network Object Model Environment) er eit skrivebordsmiljø for Linux og Unix-liknande operativsystem.
Opphavleg var KDE det einaste tilgjengelege skrivebordsmiljøet. Mange såg det som eit problem at KDE var knytta til Qt-verktøya, som då ikkje var gjeve ut under GPL-lisensen. GNOME-prosjektet vart difor skipa i august 1997 av Miguel de Icaza og Federico Mena.
I staden for Qt bruker GNOME GTK+, som er under LGPL-lisensen. GTK+ var opphavleg utvikla for eit anna programvareprosjekt, The Gimp, som er eit biletmanipuleringsprogram.
Viktige GNOME-program [endre]
- Nautilus – filhandsamar
- Epiphany – nettlesar
- Evolution – e-postlesar og kalenderverktøy
- Gnumeric – rekneark
- Abiword – teksthandsamar
- Evince – dokumentlesar
- F-Spot – fotohandsamar
- Pidgin – lynmeldingsklient (aMSN, ICQ, Jabber, IRC, etc)
- Totem – medieavspelar
- Rhythmbox – program til å høyre på og organisere lydfiler og nettradio
- GIMP – GNU biletmanipuleringsprogram
- Inkscape – program for å lage vektorgrafikk
- gedit – teksthandsamar
- GNUCash – program for å handtere personlege finansar
- GnomeBaker – brenneprogram for CD og DVD
Sjå òg [endre]
Bakgrunnsinformasjon [endre]
- GNOME si heimeside
- GNOMElook (tema, bakgrunnar med meir)
- GnomeFiles, oversikt over programvare laga for GNOME