GNS Science

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

GNS Science (māori: Te Pū Ao) er eit nasjonalt forskingsinstitutt på New Zealand. Det fokuserer på geologi, geofysikk (inkludert seismologi og vulkanologi), og kjernefysikk (særleg ionestråleteknologi, isotopvitskap og radiokarbondatering).

GNS Science vart kalla Institute of Geological and Nuclear Sciences frå 1992 til 2005. Det var opphavleg ein del av Department of Scientific and Industrial Research (DSIR), og vart oppretta som ein sjøvstendig organisasjon då Crown Research Institutes vart oppretta i 1992.[1] Som ein del av denne prosessen vart GNS Science delvis kommersialisert, og vert no drive som eit statseigd selskap i staden for eit statleg departement. Denne endringa førte til større sjølvstyre og større økonomisk fridom.

GNS Science held til i Avalon, Lower Hutt med anlegg i Dunedin og Wairakei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1], Crown Research Institutes Act 1992.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 41°11′44″ S 174°55′59″ E