GTO Records

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
GTO Records
MorselskapCBS Records
Grunnlagd1974
StatusOpphøyrd (1981)
Sjangerpop, rock, disco, Hi-NRG
LandStorbritannia
StadLondon

GTO Records er eit britisk plateselskap som gav ut mange hittar i 1970-åra. Det var i drift frå 1974 til 1981 og konsentrerte seg hovudsakleg om pop og disco.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Plateselskapet vart skipa av Laurence Myers i 1974, etter at han hadde starta GTO Films og Arcade Records dei to føregåande åra.[1] Selskapet signerte hovudsakleg pop- og discoartistar som Billy Ocean, The Dooleys, Heatwave og gav ut platene til Donna Summer i Storbritannia, som alle vart suksessrike. Den største hitten selskapet gav ut var Donna Summer sin «I Feel Love», som nådde førsteplassen på singellista i 1977.

I 1978 vart selskapet seld til CBS Records etter å ha oppnådd mange hittar til å vere eit nytt selskap. Frå den tid flytta Donna Summer-platene til Casablanca Records, medan det byrja å verte færre av hittane for dei andre artistane dei neste to åra.[2] Selskapet vart lagt ned seint i 1981 då artistane i stallen anten vart droppa eller flytta til Epic Records - òg eigd av CBS.

GTO-katalogen er i dag eigd av y Sony Music.[3]

Hitsinglar[endre | endre wikiteksten]

Topp 40-singlar
  • "Only You Can" - Fox (1975 UK #3)
  • "Imagine Me Imagine You" - Fox (1975 UK #15)
  • "Play Me Like You Play Your Guitar" - Duane Eddy (1975 UK #9)
  • "Please Tell Him That I Said Hello" - Dana (1975 UK #8)
  • "It's Gonna Be a Cold Cold Christmas" - Dana (1975 UK #4)
  • "No Regrets" - The Walker Brothers (1976 UK #7)
  • "S-S-S-Single Bed" - Fox (1976 UK #4)
  • "Never Gonna Fall in Love Again" - Dana (1976 UK #31)
  • "Fairytale" - Dana (1976 UK #13)
  • "Love Really Hurts Wthout You" - Billy Ocean (1976 UK #2)
  • "L.O.D. (Love on Delivery)" - Billy Ocean (1976 UK #19)
  • "Stop Me (If You've Heard it All Before)" - Billy Ocean (1976 UK #12)
  • "Love to Love You Baby" - Donna Summer (1976 UK #4)
  • "Winter Melody" - Donna Summer (1976 UK #27)
  • "Red Light Spells Danger" - Billy Ocean (1977 UK #2)
  • "I Feel Love" - Donna Summer (1977 UK #1)
  • "I Remember Yesterday" - Donna Summer (1977 UK #14)
  • "Love's Unkind" - Donna Summer (1977 UK #3)
  • "Boogie Nights" - Heatwave (1977 UK #2)
  • "Too Hot to Handle" - Heatwave (1977 UK #15)
  • "I Can Prove It" - Tony Etoria (1977 UK #21)
  • "Think I'm Gonna Fall in Love With You" - The Dooleys (1977 UK #13)
  • "Love of My Life" - The Dooleys (1977 UK #9)
  • "The Groove Line" - Heatwave (1978 UK #12)
  • "Mind Blowing Decisions" - Heatwave (1978 UK #12)
  • "Always and Forever" - Heatwave (1978 UK #9)
  • "A Rose Has to Die" - The Dooleys (1978 UK #11)
  • "From East to West" - Voyage (1978 UK #13)
  • "Honey I'm Lost" - The Dooleys (1979 UK #24)
  • "Let's Fly Away" - Voyage (1979 UK #38)
  • "Wanted" - The Dooleys (1979 UK #3)
  • "The Chosen Few" - The Dooleys (1979 UK #7)
  • "Love Patrol" - The Dooleys (1980 UK #29)
  • "Living By Numbers" - New Musik (1980 UK #13)
  • "This World of Water" - New Musik (1980 UK #31)
  • "Sanctuary" - New Musik (1980 UK #31)
  • "Gangsters of the Groove" - Heatwave (1981 UK #19)[4]

Hit-album[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Laurence Myers. «Lawrence Myers Biography». Henta 1 mars 2009 (2009-03-01). 
  2. Discogs. «GTO Discography». Henta 12 november 2008 (2008-11-12). 
  3. Rate Your Music. «GTO Records». Henta 1. oktober 2013. 
  4. Chartstats. «Hits on the UK Singles chart». Henta 1. oktober 2013. 
  5. Chartstats. «Hits on the UK Albums chart». Henta 1. oktober 2013.