Gabon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
République Gabonaise

(norsk: Gabon, gabonsk)

Det gabonske flagget Det gabonske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «La Concorde»
Motto Ingen
Geografisk plassering av Gabon
Offisielle språk Fransk
Hovudstad Libreville
Styresett
Republikk
Ali Bongo Ondimba
Daniel Ona Ondo
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
267 667 km² (76.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
1 608 321 (150.)
6 /km² (183.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Frankrike
17. august 1960
Nasjonaldag 17. august
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
22 540 mill. USD (118.)
14 600 USD (59.)
Valuta CFA-franc
Tidssone UTC +1
Telefonkode +241
Toppnivådomene .ga


Gabon, offisielt Republikken Gabon, er ein republikk ved ekvator i vestre Sentral-Afrika. Landet grensar til Kamerun, Republikken Kongo, Ekvatorial-Guinea og Atlanterhavet. Hovudstaden er Libreville.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå sjølvstendet i 1960 og fram til 1990-talet vart Gabon styrt av eineveldige presidentar. I 1991 vart ein ny konstitusjon teken i bruk, der ulike parti vart tillete og meir demokratiske val kunne haldast. Gabon er eit av dei meir utvikla landa i Afrika, takka vere ei lita folkemengde, rike naturtilgangar og støtte frå utlandet.

Klima og miljø[endre | endre wikiteksten]

Gabon har eit typisk ekvatorialt klima, tropisk regnklima, som inneber at det heile året er vått, varmt og fuktig med mykje skyer. Den årlege nedbørsnormalen ligg mellom 1250 og 2000 mm dei fleste stader, men stig til rundt 2500 mm nær kysten og i høgareliggande område. Den tørraste tida på året er juni til august då den intertropiske konvergenssona er lengst mot nord. Temperaturane vert sjeldan lågare enn 20 °C eller høgare enn 32 °C.

I landet er det regnskog og ein rik flora og fauna. Nokre av Gabon sine største miljøproblem er for stor skogshogst og tjuvjakt. Det største helseproblemet er hiv og aids. I 2001 var 9 % av den vaksne befolkninga smitta eller sjuke av hiv/aids.

65 % av landet sin elektrisitet vert produsert av vasskraft og resterande med fossile brensel, som olje.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Olje vart oppdaga i havbotnen på 1970-talet, og no svarar oljebransjen for halvparten av landet sin BNP. Trass sine naturtilgongar har Gabon hatt problem med økonomien, fremst grunna ein dårleg finansøkonomi. Ei stor devalvering på midten av 1990-talet leidde til ein inflasjon på 35%, men finansiell hjelp frå Verdsbanken og Frankrike stoppa den negative utviklinga.

Kart over Gabon

Fakta[endre | endre wikiteksten]

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Gabon er inndelt i ni provinsar: