Gabriel Kielland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gabriel Kielland

Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. januar 1796
Stavanger kommune
Død

20. april 1854 (58 år)

Yrke prest
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Ektefelle Gustava Kielland
Gabriel Kiellands underskrift.

Gabriel Kirsebom Kielland (fødd 26. januar 1796 i Stavanger, død 20. april 1854 i Lyngdal) var ein norsk prest. Saman med kona Gustava Kielland var han ein av føregangspersonane for misjon i Noreg.

Kielland gjekk på skole i Danmark og tok examen artium ved Københavns universitet i 1816. Deretter tok han teologisk embetseksamen i Kristiania i 1823. Etter å ha vorte gift i 1824, var han først sokneprest på Finnøy (1826-1837), deretter i Lyngdal (1837-1854).

Etter å begynt på det teologiske studiet, kom han over nokre skrifter gjeve ut av Brødremenigheten. Dette la grunnlaget for at han resten av sitt liv skulle framstå som en pionér for misjonssaka. Brødremenigheten hadde utspring i Herrnhuterrørsla, som framleis er aktive både i Tyskland og Danmark. Kielland fekk eit nært forhold til forstandaren Niels Johannes Holm, og vart i april 1823 teke opp i meinigheita.

Misjonstanken er grunnleggjande for meinigheita, og allereie i desember 1826 bidrog presten Kielland til skipinga av «Forening i Stavanger til Guds Riges Udbredelse blant Hedningerne», den aller første misjonsforening i Noreg. Deretter tok det drygt ti år før initiativet førte til ein nasjonal samanslutnad av dei norske misjonsforeiningane. 12. oktober 1841 skreiv Gabriel eit sirkulære med oppfordring til samling, og utforma innbydinga til «Norges samtlige Missionsvenner» 21. mai 1842 om å samlast i Stavanger. Det Norske Misjonsselskap vart stifta i Stavanger 9. august 1842.

I Lyngdal stod han saman med kona Gustava i spissen for varige forandringar lokalt og nasjonalt. Andre juledag 1837 vart Lyngdal Afholdsforening stifta på kyrkjetrappa, og det vart danna misjonsforeiningar knytte til kvar av kyrkjene i soknet.

Lyngdal har i dag eit eige misjonsmuseum som heidrar minnet til Gabriel og Gustava.

Eit utval av Kielland sine etterlatne brev med meir vart gjeve ut av sonen Hjalmar under tittelen En gammel prests efterlatte papirer (1922). Han førte ei omfattande brevveksling med venner i Noreg og utlandet, og omsette ei verdshistorie for skole og familiar frå tysk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]