Gabriel Schanche Kielland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gabriel Schanche Kielland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. mars 1760
Stavanger kommune
Død

5. mars 1821 (61 år)

Yrke forretningsdrivande

Gabriel Schanche Kielland (4. mars 17605. mars 1821) var ein norsk forretningsmann og konsul. Han vart fødd og døydde i Stavanger. Slekta Kielland var på 1800-talet ei leiande handelsslekt i Stavanger.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Kielland arva ei rimeleg stor formue og heldt fram faren sitt handelshus under namnet «Jacob Kielland & Søn». Han var òg sjef for borgarvæpninga i Stavanger i 1784 og formann for dei utvalde mennene i byen frå 1786-1821. Som britisk visekonsul, preussisk konsulatmandat og hamburgsk visekonsul hadde han rimeleg store inntekter dels i forhandlingar med kaperar og innløysing av priser, dels i form av provisjon ved auksjonar over vrakgods.

I striden med England i 1801 organiserte han borgarvæpninga og innreidde batteria i tenleg stand. «Da Misvæxt i 1801 og 1802 og Vanskelighed for Tilførsel af Korn foraarsagede Mangel og Dyrtid i Stavanger Amt som i det hele vesten- og nordenfjeldske Norge, forsynede han uden mindste Fordel Byen og Distriktet med Korn, og det saa rigeligt, at Stavanger Amt kunde undvære og frabad sig den kongelige Understøttelse til Hjælp i Nøden, som de andre Amter begjærligen modtog.» Han mottok Kongen sin gullmedalje for edel dåd 17. juni 1803, han vart utnemnd til kongeleg agent med justisråd-rang i desember 1803, og Riddar av Dannebrogs orden 1809.

Kielland sette i gang bygginga av Ledaal til sommarbustad i 1799. Praktbygget stod ferdigstilt i 1803, og var sidan sete for eit pompøst selskapsliv. Jens Zetlitz var ein viktig bidragsytar ved festane.

Ved valet til Eidsvoldsforsamlinga var det eit lengre sjukeopphald som hindra han i å stille som kandidat. Han vart innvald som stortingsrepresentant frå 1815, men avstod frå vervet av omsyn til den svake helsa si.

Då han døydde var «Jacob Kielland & Søn» rekna som det førande handelshuset i landet.

Slekt[endre | endre wikiteksten]

Forfattaren Alexander Lange Kielland og målarinna Kitty Kielland var oldebarn av Gabriel Schanche Kielland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]