Gahambar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gahambar er seks parsiske høgtider som blir feira til ære for årstidene. Under desse feirar ein dei seks elementa som står bak verda — himmel, vatn, jord, plantar, dyr og menneske. Kvar høgtid varer i fem dagar, der kvar av dei blir markerte med eit religiøst rituale. Dei første fire dagane blir markerte heime medan siste dagen blir feira i fellesskap med andre parsarar.

  • Maidhyozarem gahambar («midtvårfesten» for himmelen) finn stad 40 dagar etter nauroz
  • Maidhyoshem (midsommarfesten for vatn) kjem 60 dagar etter den føre
  • Paitisjhayem (innhausting, for jord) kjem 75 dagar etter dette igjen
  • Ayathrem (plantar og dyr) kjem etter 30 dagar
  • Maidhyarem (midtvinterfesten) blir feira 80 dagar deretter
  • Hanaspathmaedaem (feiring for alle sjeler) kjem 75 dagar etter maidhyarem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]