Gaia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arabisk måleri av Gaia frå kring 730

Gaia (eller Ge) er i følgje gammal gresk mytologi jorda og ei gudinne i eitt og er opphavet til alt. Av borna hennar er Uranos (himmelen), Okeanos (havstraumen) og Pontos (havet). Ho er òg synsk og fungerte som orakel i Delfi før sonen til Zevs, Apollon tok over.

Med son sin Uranos fekk Gaia titanane, kyklopane og dei hundrearma. Då Uranos kasta kyklopane ned i Tartaros, gav Gaia den eldste sonen, Kronos, ein sigd. Med denne skar han av testiklane til Uranos og kasta dei i havet. I det blodige skummet oppstod Afrodite.

Spire Denne mytologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.