Gail

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gail
Utspring Aust-Tirol i Austerrike
Munning I Drava ved Villach
Lengd 122,2 km
Middelvassføring 45,08 m³/s
Nedslagsfelt 1 403 km²
Renn gjennom Villach

Gail er ei elv i sørlege delar av Austerrike. Ho renn frå vest mot aust gjennom Aust-Tyrol og Kärnten, nord for grensene til Italia og Slovenia, og er ei av sideelevene til Drava. Elva har ei lengd på 122 km, og renn ut i Drava nær Villach.

Elva har ei middelvassføring på 45,08 m³/s, men når snøsmeltinga på våren er størst eller i samaband med store nedbørsmengder kan vassføringa auke til over 400 m³/s. Rekordvassføringa er frå november 1966 med 850 m³/s.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]