Gail Ann Dorsey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gail Ann Dorsey
Gail Ann Dorsey.jpg
Fødd 20. november 1962 (52 år)
Philadelphia
USA
Instrument Vokalist, bassgitar, klarinett
Sjanger Alternativ rock, R&B, soul, rock, funk, poprock
Aktive år 1985 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar
Tilknytte artistar David Bowie
Tears for Fears
Gwen Stefani
Susan Werner
Plateselskap Sire, Island, Sad Bunny, UFO Music
Nettstad www.gailanndorsey.com

Gail Ann Dorsey (fødd 20. november 1962) er ein amerikansk musikar rekna som ein av dei beste bassgitaristane og vokalistane innanfor alternativ rock.[1] Med ein karriere som studiomusikar er ho mest kjend for den lange perioden ho har spelt med bandet til David Bowie, frå 1995 og fram til i dag. I tillegg til å spele bass har ho stundom sunge solo på konsertane hans, som på «Under Pressure», «The London Boys» og «I Dig Everything», samt ein coverevrsjon av Laurie Anderson sin «O Superman».

Frå 1993 til 1996 spelte Dorsey òg mykje med Tears for Fears, og samarbeidde med låtskrivinga i bandet. Ho har òg spelt med Bryan Ferry, Boy George, the Indigo Girls, Khaled, Jane Siberry, The The, Skin, Gwen Stefani, Charlie Watts, Seal, Gang of Four, Susan Werner, ani difranco og Dar Williams.

I tillegg har ho gjeve ut tre soloalbum: The Corporate World (1988), Rude Blue (1992) og I Used To Be... (2003).

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

  • The Corporate World (1988) (Sire Records)
  • Rude Blue (1992) (Island Records)
  • I Used To Be... (2003) (Sad Bunny) (2004) (UFO Music)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Harris, Craig (2009). «Gail Ann Dorsey». AllMusic biographical review. Rovi Corporation. http://www.allmusic.com/artist/p12800. Henta 28. sep. 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]