Plinius den eldre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gaius Plinius Secundus)
Plinius den eldre

Statsborgarskap Romarriket
Fødd 20-åra
Novum Comum
Død

79
Stabiae

Yrke skribent, historikar, naturvitar, militær, lyrikar, filosof, kunsthistorikar, embetsmann, militær befalingshavende
Språk latin, gamalgresk
Far Gaius Plinius Celer
Mor Marcella
Plinius den eldre på Commons
Plinius den eldre. Gravering frå 1603.

Gaius Plinius Secundus (2325. august 79), meir kjent som Plinius den eldre, var ein romersk forfattar, offiser og embetsmann. Han var morbroren til Plinius den yngre.

Del av seletøyet til Plinius.

Som soldat tenestegjorde Plinius mellom anna i Germania og Spania. Han var i Roma frå 72, og var i 79 flåtesjef i Misenum ved Napolibukta. Då Vesuv-utbrotet som øydela Pompei og Herculaneum tok til la han ut på ein utkikks- og hjelpeekspedisjon, der han døydde, ifølge dei som var med han, av giftige gassar frå utbrotet.

Plinius skreiv store historieverk, eitt om germanarkrigane i 20 bind og ein samtidshistorie i 31, som var viktige kjelder for historikaren Tacitus. Det 37 bøker lange Naturalis Historia ('Naturlære') er derimot bevart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]