Galapagospingvin
| Galapagospingvin | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Sphenisciformes | |
| Familie: | Spheniscidae | |
| Slekt: | Spheniscus | |
| Art: | S. mendiculus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Spheniscus mendiculus
Sundevall, 1871
|
||
Galapagospingvin, Spheniscus mendiculus er ein pingvin endemisk til Galápagosøyane. Det er den einaste pingvinen som òg lever naturleg nord for ekvator, dei kan overleve i så varmt klima på grunn av nedkjøling frå Perustraumen og kjølig vatn frå store djupn bringa opp av Cromwellstraumen. Dei nærskylte andre artane i slekta Spheniscus lever langs kysten av fastlandet av Sør-Amerika og sørlege Afrika.
Galapagospingvinen er den tredje minste arten av pingvinar. Den gjennomsnittlege galapagospingvinen er 49 centimeter lang og veg 2,5 kilo. Dei har eit svart hovud med eit kvitt band som går bak frå auget, rundt dei svarte øyredekkarar og fram og ned til halsen. Dei har gråsvart overside og kvit underside. Ungfuglar har eit heilt mørkt hovud. Hofuglar er mindre enn hannane, men er elles ganske lik.
Galapagospingvinen lever primært på Fernandina Island og vestkysten av Isabela-øya, men små bestandar er spreidd på andre øyar i Galapagosøygruppa. Nordspissen av Isabela kryssar ekvator, noko som tyder at galapagospingvinar tidvis vitjar den nordlege halvkula, som einaste pingvinart.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen byggjer på «Galapagos Penguin» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juli 2012
Referansar [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Videoar, bilete og lydopptak av galapagospingvinar hos Internet Bird Collection