Galdhøpiggen

Koordinatar: 61°38′11″N 8°18′45″E / 61.63639°N 8.31250°E / 61.63639; 8.31250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Galdhøpiggmassivet)
Galdhøpiggen
fjell
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Lom
Fjellområde Jotunheimen
Høgd 2 469 moh.
Primærfaktor 2 420 m
Lettast tilkomst Til fots frå Juvasshytta
Førstestiging Steinar Sulheim,
S. Flaatten og
L. Arnesen
 - dato juli 1850
Koordinatar 61°38′11″N 8°18′45″E / 61.63639°N 8.31250°E / 61.63639; 8.31250
Kart
Galdhøpiggen
61°38′00″N 8°18′00″E / 61.633333333333°N 8.3°E / 61.633333333333; 8.3
Wikimedia Commons: Galdhøpiggen

Galdhøpiggen, òg kalla Piggen eller Galdhøtinden[1], er det høgste fjellet i Noreg og Nord-Europa og ligg i Jotunheimen i Lom kommune i Innlandet fylke.

Sjølv om Galdhøpiggen er det høgste fjellet i landet, er det langt frå det mest ruvande fjellet. Dette medverka til at andre toppar som til dømes Snøhetta (2286 moh.) og Knutsholstinden (2341 moh.) vart rekna for å vere høgre før den moderne vitskapen kom med nøyaktige høgdemålingar.

I dag står det ei solid steinhytte på toppen av Galdhøpiggen, den tredje i rekkja. Her er det om sommaren ein liten kiosk. Dei to fyrste hyttene vart båe tekne av uvêr.

I 1850 var det fyrste gongen nokon nådde toppen av Galdhøpiggen i nyare tid.

Dei vanlegaste rutene til toppen er frå Spiterstulen (1104 moh.) (mykje stiging) og frå Juvasshytta (1841 moh.) (kryssar Styggebreen). Ruta frå Juvasshytta tek om lag tre timar opp (med om lag 45 minutt med førebuing for kryssing av Styggebreen), ein time på toppen og omtrent to timar ned. Å køyre til Juvasshytta tek om lag 40 minutt frå Lom sentrum (15 minutt langs riksveg 55 og så 20–25 minutt opp grusvegen (bomveg) til Juvasshytta. Dette er den høgstliggande bilvegen i Noreg).

Galdhøpiggen sett frå Styggebrean i nord-aust.

Fjellet har ei høgd på 2469 meter over havet og ein primærfaktor på 2420 meter. Sekundærfaktoren til Galdhøpiggen er 1540 km, det vil sei at ein må reise 1540 km i luftlinje for å kome til eit fjell som er høgre. Dette fjellet er Tatrafjella i Polen.


Frå toppen av Galdhøpiggen

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ei liti landkunna elder geografi : paa landsmaal etter sette utgaava - Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 27. oktober 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]